Hámal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Alfa Arietis
Aries IAU.svg
Cercle rouge 100%.svg

Plasseringa til α Arietis (sirkel)
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Stjernebilete Vêren
Rektascensjon 02h 07m 10.40570s[1]
Deklinasjon +23° 27′ 44.7032″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) 2.00[2]
Karakteristikk
Spektralklasse K2 III Ca-1[3]
U−B fargeindeks +1.13[2]
B−V fargeindeks +1.15[2]
V−R fargeindeks +0.7[4]
R−I fargeindeks +0.62[3]
Variabel type Mistenkt[5]
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv) −14.2 ± 0.9[6] km/s
Eigarørsle (μ) RA: +188.55[1] mas/år
Dek.: −148.08[1] mas/år
Parallakse (π) 49.56 ± 0.25[1] mas
Avstand 65,8 ± 0,3 ly
(20,2 ± 0,1 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) +0.47 ± 0.04[7]
Detaljar
Masse 1.5 ± 0.2[8] M
Radius 14.9 ± 0.3[9] R
Luminositet (bolometrisk) 91 ± 6[9] L
Overflategravitasjon (log g) 2.57[9] cgs
Temperatur 4,480[9] K
Metallisitet [Fe/H] –0.25[9] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i) 3.44[8] km/s
Andre namn
Hemal, Hamul, Hamal, Ras Hammel, El Nath, Arietis, α Ari, Alfa Arietis, Alfa Ari, 13 Arietis, 13 Ari, BD+22 306, FK5 74, GC 2538, GJ 84.3, GJ 9072, HD 12929, HIP 9884, HR 617, LTT 10711, NLTT 7032, PPM 91373, SAO 75151.[3][4]
Databasereferanse
SIMBAD data

Alfa Arietis (α Ari, α Arietis) er den mest lyssterke stjerna nord i stjernebiletet Vêren.[3][10] Ho har det tradisjonelle namnet Hamal, som kjem frå det arabiske uttrykket for «vêrhovudet», og Flamsteednemninga 13 Arietis. Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,0,[2] er ho av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen. Basert på parallaksemålingar med Hipparkos-satellitten,[11][12] ligg α Arietis kring 65,8 lysår frå jorda.[1] Ho er ei kjempestjerne som kan ha ein planet i omlaup med masse større enn Jupiter.[8]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Spekteret til stjerna har ein spektralklasseK2 III Ca-1, med lysstyrkeklasse på III som indikerer at ho er ei utvikla kjempestjerne som har brukt opp hydrogenet sitt i kjernen og no er ei raud kjempe.[13] 'Ca-1'-delen av klassifiseringa indikerer at ho har svakare enn normale linjer frå kalsium i spekteret. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[14] Massen er estimert til kring 50 %[8] meir enn solmassen, medan ho er 15 gonger større i diameter.[9]

Alfa Arietis skin kring 91[9] gonger sterkare enn sola frå den ytre envelopen med ein effektiv temperatur på 4 480 K.[9] Dette er kjøligare enn soloverflata, som gjev ho ein oransje farge til ei klasse K-stjerne. Ein trur at ho kan vere noko variabel, med ein amplitude på 0,06 magnitude.[5]

I 2011 kom ein fram til at det truleg går ein planet i bane rundt stjerna. Objektet har ei omlaupstid på 381 dagar og ein eksentrisitet på 0,25. Den nedre grensa for massen til objektet er kring 1,8 gonger massen til Jupiter. Den estimerte halvaksen til planetbanen er 1,2 astronomiske einingar (AU),[8] som gjev ein periapsisavstand på 0,9 AU og ein apoapsisavstand på 1,5 AU. Til samanlikning har stjerna ein radius på 0,07 AU.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparkos reduction», Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664, doi:10.1051/0004-6361:20078357, Bibcode2007A&A...474..653V 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Johnson, H. L.; et al. (1966). «UBVRIJKL photometry of the bright stars». Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99). Bibcode:1966CoLPL...4...99J. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 HR 617, database entry, The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version), D. Hoffleit and W. H. Warren jr., CDS ID V/50. Henta 13. juni 2016.
  4. 4,0 4,1 NAME HAMAL -- Variable Star, database entry, SIMBAD. Henta 13. juni 2016.
  5. 5,0 5,1 NSV 7,5, database entry, New Catalogue of Suspected Variable Stars, the improved version, Sternberg Astronomical Institute, Moscow, Russia. Henta 13. juni 2016.
  6. Evans, D. S. (June 20–24, 1966), Batten, Alan Henry; Heard, John Frederick, ed., The Revision of the General Catalogue of Radial Velocities, University of Toronto: International Astronomical Union, http://adsabs.harvard.edu/abs/1967IAUS...30...57E, henta 13. juni 2016 
  7. Carney, Bruce W.; Gray, David F.; Yong, David; Latham, David W.; Manset, Nadine; Zelman, Rachel; Laird, John B. (March 2008), «Rotation and Macroturbulence in Metal-Poor Field Red Giant and Red Horizontal Branch Stars», The Astronomical Journal 135 (3): 892–906, doi:10.1088/0004-6256/135/3/892, Bibcode2008AJ....135..892C 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Lee, B.-C.; Mkrtichian, D. E.; Han, I.; Kim, K.-M.; Park, M.-G., «A likely exoplanet orbiting the oscillating K-giant α Arietis», Astronomi & Astrophysics 529: A134, doi:10.1051/0004-6361/201016293, Bibcode2011A&A...529A.134L 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 Piau, L.; Kervella, P.; Dib, S.; Hauschildt, P. (February 2011), «Surface convection and red-giant radius measurements», Astronomi and Astrophysics 526: A100, doi:10.1051/0004-6361/201014442, Bibcode2011A&A...526A.100P 
  10. Hamal, Stars, Jim Kaler. Henta 13. juni 2016.
  11. Perryman, M. A. C.; Lindegren, L.; Kovalevsky, J.; et al. (July 1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy and Astrophysics 323: L49–L52, Bibcode1997A&A...323L..49P 
  12. Perryman, Michael (2010), The Making of History's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5 
  13. Herwig, Falk (April 2003), «Oxygen isotopic ratios in first dredge-up red kjempestjerner and nuclear reaction rate uncertainties revisited», Monthly Notice of the Royal Astronomical Society 340 (3): 763–770, doi:10.1046/j.1365-8711.2003.06332.x, Bibcode2003MNRAS.340..763S 
  14. Garrison, R. F. (desember 1993), «Anchor Points for the MK System of Spectral Classification», Bulletin of the American Astronomical Society 25: 1319, Bibcode1993AAS...183.1710G, http://www.astro.utoronto.ca/~garrison/mkstds.html, henta 13. juni 2016 
  15. For a = 1.2 AU and e = 0.25, the periapsis is given by a × (1 - e) = 9 AU and the apoapsis is a × (1 + e) = 15 AU. The solar radius is 0.0046491 AU, so the star's radius is 14.9 × 0.0046491 = 0.069 AU.