Händel-Werke-Verzeichnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Händel-Werke-Verzeichnis (HWV) er den mest brukte katalogen over verka til Georg Friedrich Händel. Han er ordna tematisk og blei utarbeidd mellom 1978 og 1986 av Bernd Baselt og presentert i Händel-Jahrbuch (HJb) som Verzeichnis der Werke Georg Friedrich Händels.

Seinare er det gjort korrektur og lagt til nokre utvidingar, men den opphavlege nummereringa er stort sett intakt.

Den tematiske katalogen viser opningstaktene for kvart verk og gjev omfangsrik informasjon om originalmanuskript, tidlege trykk osb.

Det finst tidlegare forteikningar, blant anna av John Mainwaring (London 1760), Charles Burney (London 1785), W. S. Rockstro (London 1883), W. C. Smith (HJb 1956), A. C. Bell (1972).

HWV Kategori
1–42 Operaer
43–45, 218 Leilegheitsmusikk
46–48, 50–71 Oratorium
49, 72–76 Oder og maskespel
77–177 Kantater
178–199 Italienske duettar
200, 201 Italienske trioar
202–210, 269–277, 284–286 Salmar
211–217, 219–227 Italienske ariar
226, 228 Engelske songar
229 Tyske kyrkjekantater
230, 233, 234, 244, 245 Italienske heilage kantater
231, 239, 240, 242 Motettar
232, 236–238 Psaltersalmar
235, 241, 243 Antifoner
246–268 Hymner
278–283 Lovsanger
287–311, 343 Konsertar
312–335 Concerti grossi
336–345, 347–356, 413 Orkesterverk
357–379, 406–409, 412, 419–421 Solosonatar
380 to 405 Triosonatar
346, 410, 411, 414–418, 422–424 Verkar for blåserensembler
425–612 Klaververk
A1, A3, A4, A6–A9, A10, A12 Appendiks: arrangement av verka til andre komponistar

Merk til at det er hol og uregelmessegheiter i HWV-systemet, så tabellen over bør berre reknast som rettleiande.

HWV-systemet kan ikkje brukast til å utleia at Händel komponerte akkurat 612 verk. Kombinasjonen a unummererte verk, tapte verk, verk som er feilaktig tilskrivne Händel, spuriøse verk, variantar (eksempelvis HWV 251 a-d), grupperte verk (t.d. HWV 229 1-7) og arrangement (t.d. HWV 482 1-4) gjer det umogleg å avgjera det eksakte talet på verk Händel komponerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]