Håøya i Færder

Koordinatar: 59°10′45″N 10°21′20″E / 59.17917°N 10.35556°E / 59.17917; 10.35556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Håøya i Nøtterøy)
Håøya
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°10′45″N 10°21′20″E / 59.17917°N 10.35556°E / 59.17917; 10.35556

Høgaste punkt 71 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Håøya er ei øy i Færder kommune.[1] Ho ligg i Vestfjorden, vest for øya Nøtterøy og nord for Veierland. Fram til 1. januar 1901 høyrte øya til Stokke kommune.

Festninga på Håøya vart nytta til å forsvare Marinen si reservehamn i Melsomvik mot svenskane i perioden før og rundt 1905. Der var det både kanonar og utlagte miner. Festninga vart òg nytta som vern for norsk nøytralitet under den første verdskrigen.

12. april 1940 vart festninga overgitt til tyskarane, og dei nytta øya til ubåteksperiment under heile den andre verdskrigen.

Øya var i nokre år feriekoloni for Oslo kommune, og er i dag feriesenter for personell i Forsvaret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Håøya». Kartverket / Faktaark. Henta 24. januar 2018.