Håja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Håja i Hammerfest.
Håja
Håja sett frå Sommarøy, juli 2007. Foto: Kjetil Ree
Håja sett frå Sommarøy, juli 2007.
Foto: Kjetil Ree
Geografi
Norway - Håja.png
Stad Håjafjorden
Koordinatar 69°44′N 18°4′EKoordinatar: 69°44′N 18°4′E

Høgaste punkt Nipen (486 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms og Finnmark

Håja, opphavleg Håøya, er ei øy i Tromsø kommune i Troms og Finnmark. Øya ligg vest for Kvaløya og Sessøya. Håja er ei klippeøy med ei distinkt form, som var inspirasjon då Jan Inge Hovig teikna Ishavskatedralen i Tromsø.[1] Det høgaste punktet på Håja er Nipen på 486 moh.

Håja er eit gammalt fiskevær, og dokument frå 1500-talet viser at øya alt då hadde mange fastbuande. Ut på starten av 1900-talet slutta derimot fiksehandelen på øya. Deretter vart Håja ei tid brukt til oppdrett av raudrev.[2]

Namnet på øya tyder «den høge øya». Øya har gode høve for fotturar og er ein del av Håja–Røssholmen landskapsvernområde med dyrelivsfreding.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Från Oslo till Nordkap». visitnorway.com. Henta 28. desember 2007. 
  2. 2,0 2,1 Bent Svinnung. «Håja (Håøya)». turliv.no. Henta 28. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]