Håjafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Håjafjorden er ein fjord på nordvestsida av Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden ligg mellom øya Håja i nord og Tussøya og Angstauren i sør. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til Risøya, der Nordsundet og Sørsundet går på kvar si side av øya vidare til Sessøyfjorden og Ersfjorden.

Fjorden har innløp i vest mellom Nipneset på Håja i nord og Eggløysa i sør. Sør for Tussøya og Angstauren ligg Kattfjorden.