Håkøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkøya
Sida av Håkøybrua med Håkøya i bakgrunnen  Foto: Peter Kaino Jensen
Sida av Håkøybrua med Håkøya i bakgrunnen

Foto: Peter Kaino Jensen

Geografi


Stad
Koordinatar 69°39′22″N 18°48′10″EKoordinatar: 69°39′22″N 18°48′10″E
Areal 3,69 km²
Høgaste punkt Skjellstonghaugen (105 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms

Håkøya er ei øy i Tromsø kommune i Troms. Øya ligg i Sandnessundet mellom Kvaløya og Tromsøya, søraust for Eidkjosen på Kvaløya.

Toppen av Håkøya er skogkledd, medan det langs kysten er bustadhus, hyttar og gårdsbruk. Øya er knytt til Eidjordneset på Kvaløya med kommunal veg over den 330 meter lange Håkøybrua. Den opphavlege brua var bygd i tre, men overdelen vart i 2004 erstatta med stål og betong.

Det tyske slagskipet «Tirpitz» låg ved Håkøya frå 15. oktober 1944, og vart senka der av engelske bombefly den 12. november same år. Eit minnesmerke over dei ca. 1200 falne på «Tirpitz» står på Håkøya. Vraket av «Tirpitz» vart hogd opp, men ein del vrakrestar ligg framleis der skipet sokk.

Sandnessundbrua mellom Kvaløya og Tromsøya sett frå Håkøya.
Foto: Peter Kaino Jensen