Håkan Rydving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkan Rydving
Fødd9. mai 1953
NasjonalitetNoreg
Områdereligionsvitskap
Yrkeprofessor, religionsviter
Alma materUppsala universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Lars Olof Håkan Rydving (fødd 9. mai 1953) er ein norsk professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Rydving er dr.theol. frå Universitetet i Uppsala med ei avhandling om det svensk-lulesamiske religionsmøtet: The end of drum-time : religious change among the Lule Saami, 1670s-1740s (1993). Eit sentralt aspekt ved avhandlinga er den kritiske drøftinga av kjeldegrunnlaget for studiet av samisk førkristen religion. 

Rydving underviser særleg i samisk religion, og religionsvitenskpleg metode, og forskar elles på samisk språkhistorie.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Den samiska trumman (1988),
  • The end of drum-time : religious change among the Lule Saami, 1670s-1740s (1993).
  • Samisk religionshistorisk bibliografi (1993),
  • Rus & rit : om droger och religionar (1996),
  • Antisekularism : några exempel från kristendom och islam (red., 2002)
  • Samisk kyrkohistorisk bibliografi (2007),
  • Tracing Sami traditions : in search of the indigenous religion among the Western Sami during the 17th and 18th centuries (2010).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]