Håkon Anton Fagerås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Håkon Anton Fagerås
Fødd 17. juli 1975
Yrke bilethoggar

Håkon Anton Fagerås (fødd 17. juli 1975) er ein norsk billethoggar. Han bur og arbeider i Oslo og Pietrasanta i Italia. Han er ein av få norske bilethoggarar som arbeider i marmor.

Fagerås er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1996-1997) og Statens Kunstakademi (1997-2001).

Han har hatt utstillingar hjå mellom anna Blomqvist og Kunstnarforbundet.

I 2011 vart monumentet hans over Roald Amundsen og den første ekspedisjonen til Sørpolen avduka. Han har gjort mange utsmykkingsoppdrag, mellom anna for St. Olavs hospital i Trondheim. Av portrettoppdrag kan Henrik Ibsen, Fridtjof Nansen og Barack Obama nemnast.

Fagerås mottok i 2011 Wesselprisen som vert delt ut av Norske Selskab.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]