Håkon Brusveen
Håkon Brusveen | |
![]() | |
Fødd | 15. juli 1927 Vingrom |
Død |
21. april 2021 (93 år) |
Yrke | langrennsløpar |
Håkon Brusveen på Commons |
Håkon Brusveen (15. juli 1927–21. april 2021) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Vingrom i Lillehammer.
Han vann to medaljar i Vinter-OL 1960 in Squaw Valley: ein gullmedalje i 15 km og ein sølvmedlaje i 4 x 10 km stafett. Under stafetten gjekk Brusveen ankeretappen for det norske stafettlaget, saman med Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Einar Østby. Noreg leidde store delar av konkurransen, men etter ein knallhard spurt måtte Brusveen sjå seg slegen av finske Veikko Hakulinen med berre 0,8 sekundars margin.
Brusveen vann dessutan fire norske meisterskap, på 15 km i 1957 og 1958, på 30 km i 1958 og på 3 x 10 km stafett med Vingrom IL i 1957.
I 1958 vart han tildelt Holmenkollmedaljen (delt saman med Inger Bjørnbakken) og 1960 fekk han Morgenbladets gullmedalje.
Han var seinare ekspertkommentator for «Radiosporten» i NRK P1. I mange år samarbeidde han med Bjørge Lillelien som kommenterte frå langrennsstadion medan Brusveen kommenterte ute frå løypa.
- Einskildmenn
- Fødde i 1927
- Døde i 2021
- Norske langrennsløparar
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Norske deltakarar under vinter-OL 1956
- Langrennsløparar under vinter-OL 1956
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1960
- Norske deltakarar under vinter-OL 1960
- Langrennsløparar under vinter-OL 1960
- Noregsmeistrar i langrenn
- Programleiarar for NRK
- Folk frå Lillehammer