Håkon Eiriksson Ladejarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Eiriksson jarl levde i tida ca (9981030) og var den siste, mannlege ættlingen i Ladeætta. Han var ein av hovdingane til kong Knut den store i England og han var herskar over Noreg i tida 1028-1030.

Eirik jarl tek farvel med sonen sin, før han reiser til kong Knut i England. Teikning av Erik Werenskiold (1899).
Mynt fra regjeringstida til Håkon Eiriksson Ladejarl, som identifisert av C.I.Schive (1865). Advers tolket til: AACUNE IGNUNDEI (in nomine dei) Revers tolket til: REFEREN MONETARIUS


I Noreg 1000 - 1015[endre | endre wikiteksten]

Foreldra hans var Eirik Håkonsson Ladejarl (ca 963 – ca 1023) og Gyda Svensdotter (fødd før 980)[1]. Ho var dotter åt kong Svein Tjugeskjegg og syster til kong Knut den mektige. Håkon Eiriksson var truleg fødd i Danmark, men etter år 1000 vaks han opp på Lade i Trøndelag.

Tidleg på hausten 1015 reiste Eirik jarl til verbror sin, kong Knut, for å hjelpe han med å erobre England. Han sette då Håkon Eiriksson til riksstyrar over Noreg, saman med farbroren Svein Håkonsson Ladejarl. Håkon Eiriksson var berre om lag 17 år på den tida, og Eirik jarl sette Einar Tambarskjelve til å vere formyndaren hans. Truleg var det om lag på denne tida at Einar Tambarskjelve vart gift med Bergljot Håkonsdotter, syster til Eirik jarl og Svein jarl. Håkon Eiriksson er skildra i sogene som ein vakker mann med stort og fagert hår og det er nemnt at han gjerne hadde bunde eit gullband om hovudet.

Eiden i Sauesund[2][endre | endre wikiteksten]

Den same hausten kom Olav Haraldsson med ein liten hærstyrke over havet vest frå England, for å erobre Noreg. Samstundes var Håkon Eiriksson ombord på langskipet sitt, på veg nordover, etter å ha vore på vitjing hjå Erling på Sola. Ved Sauesundet nord for Askvold låg Olav Haraldsson i bakhald og der fekk han Håkon Eiriksson i si makt. Mot å sverje frå seg riket, og love at han ikkje ville kjempe mot Olav, fekk Håkon behalde livet, og han fór derifrå med skipet sitt og segla til England. Våren etter vann Olav Haraldsson over Svein jarl i slaget ved Nesjar (25. mars 1016) , og stutt tid etter vart han teken til konge over Noreg.

I England[endre | endre wikiteksten]

I England fann Håkon Eiriksson straks faren, Eirik jarl, og morbroren, kong Knut. Dei hadde då byrja erobringskrigen som førte til at kong Knut vart teken til konge over heile England ved juletider 1016. Håkon Eiriksson vart straks godt motteken, han vart omtala som «thegn» og fekk ei høg stilling i hirda til kong Knut. Seinare, truleg i 1019, fekk han eit stort len å styre i Worcestershire i Mercia[3] [4] (Vest-Midlands), og i brev og dokument er han nemnt som «Eorl», «Dux», eller «comes». I engelske kjelder er namnet hans skrive «Hakon» eller Hacun», og vi finn han som vitne i mange engelske diplom i åra 1019, 1022, 1023, 1024 og 1026.[5]. Han var ein framståande person mellom skandinavane i England, og til dømes kan ein sjå at han i 1021 vart rekna mellom dei øvste av kong Knut sine jarlar.

Håkon Eiriksson jarl var ein kristen fyrste, truleg vart han døypt i Danmark då han var fødd. Vi finn òg prov på dette frå tida i England. I det som blir kalla «Thorney Gospel book» frå Thorneyklosteret [6] i Cambridgeshire utanfor London, er der fleire lister med personar som var tekne opp som medbrør i klosteret sitt andelege brorskap. Mellom dei finn vi både Eirik jarl (Eric, Cnut's Viking brother-in-law) og Håkon Eiriksson jarl (Hakon of Worcester).

Kong Knut hadde ei syster som heitte Gunnhild og som var gift med Vortigern, truleg ein polsk fyrste. Dei hadde ei dotter som òg blir kalla Gunnhild, og det er mykje som talar for at Håkon Eiriksson jarl var gift, eller kanskje berre trulova med henne[7]. (Gunnhild Vortigerndotter og Håkon Eirikson jarl var i så fall syskenborn)


Hærferdene 1026 og 1028[endre | endre wikiteksten]

I 1026 gjekk kong Olav Haraldsson, i allianse med svenskekongen Anund Jakob, til krig for å legge under seg Danmark. Kong Knut, saman med Håkon Eiriksson jarl, rusta då ut ein flåte og drog til Danmark for å verje landet. På denne hærferda skal Kong Knut ha ført eit drakeskip på 60 rom og Håkon jarl eit drakeskip på 40 rom, og dei hadde mange andre store og velrusta skip. Det kom då til eit slag ved Helgeå i Skåne som hadde som utfall at den svensk/norske flåten måtte gi opp hærferda. Kong Olav Haraldsson hadde truleg ikkje kongsmakt i Noreg etter denne tida.

I året 1028 segla kong Knut og Håkon jarl med ein stor flåte til Trondheimen, og utan sverdstrid vart kong Knut teken til konge over Noreg. Deretter vart det halde eit tingmøte i Nidaros, der kong Knut kunngjorde at systersonen hans, Håkon Eiriksson, skulle ha styringa med Noreg, og sonen hans, Hardeknut, skulle vere konge over Danmark.[Note 1] [8] Det er nærliggande å tenke seg at, nå Håkon på denne måten "fekk" Noreg av kong Knut, var det gjort slik fordi då vart ikkje eiden frå Sauesundet broten!

Omkring årsskiftet 1028/1029 fekk Håkon Eiriksson jarl melding om at Olav Haraldsson var på veg nordover langs kysten med ein hærflåte, for å freiste å vinne att herredømet over Noreg. Jarlen kalla då ut ein stor hærstyrke i Trondheimen og segla sørover for å møte fiendeflåten. Då Olav Haraldsson fekk nyss om dette, rømde han med skipa sine inn i Storfjorden og gjekk på land på Sylte i Valldalen. Deretter drog han over fjella og ned i Gudbrandsdalen og reiste til sist ut av landet[9].


Omkom på havet[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1029, omlag eit år etter at han hadde fått styringa med Noreg, gjorde Håkon Eiriksson jarl ein tur attende til England. Det er uvisst kva ærendet hans var, men i alle høve la han ut på heimferda seint på hausten, truleg straks etter Martinsdagen (11. november 1029). Som det var vanleg på den tida, segla dei nordover langs kysten av England og nord til Orknøyane eller Shetland, for deretter å segle vest over Nordsjøen til Noreg. Men Håkon jarl og skipet hans kom bort på sjøen, truleg forliste dei under ein vinterstorm på Pentlandsfjorden. Med han døydde den siste mannlege ættlingen i Håløygeætta, og Snorre skreiv at landet (Noreg) då var hovdinglaust[Note 2].

I den Den angelsaksiske krønika stend det skrive for året 1030 at «Hakon the doughty earl» døydde på sjøen. Det er særs uvanleg at krønikene i det heile omtalar dødsfallet til ein person som verken var kongeleg eller geistleg. Ordet doughty kan ikkje omsetjast direkte til eit norsk ord, men det gir han ein særs positiv karakteristikk som ein djerv og dugande jarl, og det skulle tyde på at han var ein kjend og respektert person i England i samtida [10].

Lektor og magister Hallvard Gunnarsson (ca 1550 - 1608) gav i 1606 ut verket ''Chronicon regum Norvegiæ'' (Norges kongekrønike)[11] der han førte opp Håkon Eiriksson som Noregs 8. konge, med ei styringstid på to år.

Etterkomarar[endre | endre wikiteksten]

Engelske og danske kjelder nemner at Gunnhild Vortigerndotter og Håkon Eiriksson jarl hadde ei dotter som heitte Bodhild (Bothild). Ho skal seinare ha blitt gift med med den danske stormannen Ulf Galiciefarar(Galisse-Ulv)[12] i Danmark. Sonen deira var Thrugot Ulvsson Fagerskinna. Mellom etterkomarane deira finn vi mange danske stormenn og danske kongar.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Møtet i Nidaros 1028: Når dette møtet blir omtala i norsk historieskriving, blir det som oftast lagt fram slik at kong Knut sette Hardeknut til konge over Danmark, medan Håkon Eiriksson berre fekk Noreg i len, attpå til underlagt dansk styre? Skalden Torarin Lovtunge var tilstades under møtet og må seiast å ha gitt eit augevitneutsegn då han gjorde diktet Tøgdråpa(sjå ref.). Ein kan knappast lese diktet annleis enn som to likeverdige utsegn (strofe 6) når kong Knut gir styringa over Danmark til sin eigen son og styringa over Noreg til sin systerson. At Håkon i sogene er nemnd som «jarl» blir, som oftast når det er tale om ladejarlane, sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking.
  2. Etter at Håkon Eiriksson døydde, vart Svein Knutsson (Alfivason) konge i Noreg. Når kong Knut sette sonen sin Svein til konge, er det oftast tolka som ein maktdemonstrasjon av kong Knut; lensherren som gav Noreg til ein visekonge. Men det er eit faktum av Svein Knutsson og Håkon Eiriksson var syskenborn, og ein kunne like gjerne (eller rettare!) tolke det slik at Svein hevda arveretten sin når han tok over kongsmakt i Noreg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlason: Soga om Olav Tryggvason, kap 90
  2. Snorre Sturlason: Soga om Olav den heilage, kap 30
  3. The Prosopography of Anglo-Saxon England (PASE) Hemming.Codicellus 251-2
  4. Google Books A Companion to the Anglo-Norman World, Christopher Harper-Bill, Elisabeth Van Houts (2002), side 8 og 47
  5. Kemble The Anglo-Saxon Charters Website ( Attestations of earls)
  6. Abbey of Thorney British History Online
  7. The chronicle of Florence of Worcester ref. år 1029.
  8. Skaldic Project Tøgdråpa av Torarin Lovtunge.
  9. Snorre Sturlason: Soga om Olav den heilage, kap 177-182
  10. Håkon jarl Eiriksson (998-1030) Nytt kildemateriale og nye synspunkter – av Arne Odd Johnsen, Universitetsforlaget 1981
  11. Norges kongekrønike side 149 (Universitetsforlaget 1992)
  12. Knytlinga Saga (C.C.Rafn), kap.75

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • CNUT The danes in England in the early eleventh century - av M K Lawson (Longman 1993)
  • Cnut’s Earls - artikkel av av Simon Keynes (1994)
  • Norsk biografisk leksikon Håkon Eiriksson Ladejarl
  • Norges Mynter i Middelalderen av C.I.Schive ( H. Tönsberg, Christiania 1865 )
  • Jarleætta av Martin Furseth (ISBN 978-82-300-1308-3) 2015.