Håkon Fimland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medaljeoversikt
Tevla for  Norge
Friidrett
Friidrett Norgesmesterskap
Gull 1971 Hamar 110 m hekk
Gull 1972 Stavanger 110 m hekk
Gull 1973 Trondheim 110 m hekk
Gull 1974 Hønefoss 110 m hekk
Gull 1975 Bergen 110 m hekk
Gull 1976 Askim 110 m hekk
Sølv 1967 Trondheim 110 m hekk
Sølv 1969 Bergen 110 m hekk

Håkon Fimland (fødd 8. mars 1942[1] i Førde, død 25. juli 2016) var ein norsk lærar, friidrettsutøvar og politikar. Han sprang hekkeløp og representerte Tambarskjelvar IL og IL Gular. Han deltok i europameisterskapet i friidrett i 1969 og 1971[2], og nådde semifinalane i 110 meter hekk båe gongar – med personleg rekord i München i 1971 på 14.26 sekund[3]. Ei skade hindra han frå å delta i München-OL i 1972[4]. Etter at Kjellfred Weum la opp i 1971, vart Fimland noregsmeister i 110 meter hekk seks år på rad, mellom 1971 og 1976.

Han vart seinare trenar og idrettsleiar, med verv i friidrettsforbundet (styremedlem 1987-1990, nestleiar 1989-1990) og Norsk Kulturråd i siste halvdel av 80-talet. I politikken representerte han Senterpartiet, først i Bergen kommune sitt bystyre og kulturutval, før han vart dagleg leiar for kulturhuset, så kultursjef og seinare kommunalsjef i Førde kommune, der han arbeidde resten av sitt yrkesaktive liv.

For sin innsats for idrett og kultur har han motteke fleire prisar, deriblant Kongens fortenestemedalje i 2009[5] og Førde kommune sin kulturpris i 2015.

Han døydde i 2016.[6]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Håkon Fimland - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 1. oktober 2019 
  2. «Håkon Fimland er død», Gular Friidrett (på norsk bokmål), 25. juli 2016, henta 1. oktober 2019 [daud lenkje]
  3. Lillesvangstu, Rune Fossum (1. januar 2017), «Trente i korridorane», NRK, henta 1. oktober 2019 
  4. Lillesvangstu, Rune Fossum (1. januar 2017), «Trente i korridorane», NRK, henta 1. oktober 2019 
  5. «Tildelinger av ordener og medaljer», www.kongehuset.no (på norsk), henta 1. oktober 2019 
  6. «Håkon Fimland er gått bort», www.firda.no (på norsk), 24. juli 2016, henta 1. oktober 2019