Håkon Kyllingmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon Kyllingmark
8684 Håkon Kyllingmark.jpg
Håkon Kyllingmark i 1967.
Fødd 19. januar 1915
Honningsvåg
Død

12. august 2003

Håkon Olai Kyllingmark (19. januar 191511. august 2003) var ein norsk offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og hadde to ulike statsrådposter; forsvarsminister i 1963 og samferdsleminister 1965-71. I si tid som samferdsleminister var han sentral i arbeidet med å bygge flyplassar på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kyllingmark vart fødd i Honningsvåg. Etter utdanning på befalskurs livnærde han seg som handelsagent i åra før 2. verdskrigen, busett i Svolvær. Han deltok så som soldat under krigen i Nord-Noreg våren 1940, heilt til det norske Forsvaret kapitulerte i juni 1940. Under okkupasjonen av Noreg deltok han i illegalt motstandsarbeid, og flykta i 1943 til Sverige.

I 1945 tok Kyllingmark oppatt sitt yrke som agent. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, vart same året vald inn i Svolvær bystyre på ei borgarleg fellesliste. Seinare melde han seg inn i partiet Høgre og vart hausten 1953 vald inn på Stortinget for Nordland Høgre. Sidan vart han attvald seks gongar og var såleis stortingsrepresentant i 28 år.

Kyllingmark vart fyrst og fremst ein samferdsle-politikar. Bortsett frå eit par år i sjøfarts- og fiskerikomiteen var han gjennom heile si tid på Stortinget medlem av samferdslekomiteen. Hausten 1965 vart han samferdsleminister i den nydanna Borten-regjeringa, ein post han hadde heilt til regjeringa gjekk av i mars 1971. Gjnnom desse åra leia han utbygginga av det såkalla kortbanenettet, eit prosjekt som kom til å revolusjonere norsk luftfart. Særleg viktig var kortbane-flyplassane for flytrafikken i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Allereie i 1958 vart Kyllingmark vald til 2. viseformann i Høgre, ein posisjon han hadde heilt fram til 1970. Deretter var han i mange år medlem av sentralstyret i partiet. I perioden 1973–81 var han nestformann i Høgre si stortingsgruppe. Hausten 1963 var Kyllingmark forsvarsminister i den kortvarige Lyng-regjeringa.

Kyllingmark budde i sitt vaksne liv i Vågan kommune, der han også døydde.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kyllingmark fekk ei rad utmerkingar for krigsinnsatsa si, mellom anna St. Olavsmedaljen med eikegrein og Deltakarmedaljen med rosett. Han fekk den amerikanske Fridomsmedaljen, Croix de Guerre frå Frankrike og King's Commendation for Brave Conduct frå Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]