Håkon Mosby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Mosby
Fødd10. juli 1903
Kristiansand kommune
Død18. oktober 1989
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Universitetsmuseet i Bergen
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
M/S «Håkon Mosby» i Longyearbyen

Håkon Mosby (fødd 10. juli 1903 i Kristiansand, død 18. oktober 1989 i Bergen) var ein norsk oseanograf og var professor i fysisk oseanografi ved Universitetet i Bergen i 25 år. Han medverka med grunnleggande arbeid innan både oseanografi og meteorologi. Han hadde mange tillitsverv og fekk mange prisar både nasjonalt og internasjonalt, noko som vitnar om at han var ein stor vitskapsmann, pedagog, administrator og forskingspolitikar.

Mosby voks opp i Kristiansand og tok examen artium der i 1922. Han tok hovudfag i realfag i Oslo i 1930 og doktorgraden i 1934 med avhandlinga The Waters of the Atlantic Antarctic Ocean. Alt i 1923 var han assistent hos Fridtjof Nansen, og deltok på tokt med havforskingsfartøyet «Armauer Hansen». I 1927 vart han amanuensis ved Geofysisk Institutt i Bergen. Her arbeidde han mellom anna med strålingsdata som avdelingsleiaren, professor Harald Ulrik Sverdrup, hadde samla inn. Same år drog Mosby i lag med Lars Christensen på den første Norvegia-ekspedisjonen til Sørishavet, der dei var fram til 1928. Seinare deltok Mosby, hovudsakleg som leiar, på fleire havforskingsekspedisjonar til Nordishavet, Norskehavet, Nord-Atlanteren, Middelhavet og andre hav. I alt var han meir enn tre år på tok.

I 1947 tok han over som professor i fysisk oseanografi ved universitetet etter Bjørn Helland-Hansen. Han vart same året leiar for Geofysisk institutt, fram til 1958, og i 1964-1968 var han formann i Den nasjonale kommisjonen for geodesi og geofysikk. I ein viktig vekstfase for UiB var han dekanus ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet frå 1954 til 1959, og i perioden 1966-1971 var han rektor ved universitetet. Frå 1970 til 1973 var han styremedlem i Chr. Michelsens Institutt for Naturvitenskap og Åndsfrihet

Mosby brukte òg mykje av tida si i internasjonale organisasjonar. Han var president i International Association of Physical Oceanography frå 1954 til 1960, medlem av fleire komitear under International Union of Geodesy and Geophysics frå 1948 til 1970 og under UNESCO frå 1948. Han var formann i NATO Subcommittee on Oceanographic Research 1960–1965, norsk medlem av NATO Science Committee 1965–1969 og formann i Nordisk kollegium for fysisk oseanografi 1965–1970.

I tillegg til virket sitt som forskingspolitikar, gjorde Mosby eit godt arbeid som universitetetslærar. Han var ein aktiv forskar som etter 1948 publiserte meir enn 60 større og midnre vitskaplege avhandlingar. På tampen av virket sitt ved Uib skreiv han ned tankane sine om plassen universitetet hadde i samfunnet i Quo vadis Universitas? (1971).

Håkon Mosby hadde privat mange interessefelt, og musikk var ein stor hobby. han var mellom anna ein habil fiolinist.

Æresprisar[endre | endre wikiteksten]

Då Universitetet i Bergen i 1980 fekk nytt havforskingsfartøy til erstatning for «Helland-Hansen», som forliste i Norskehavet i 1976, vart det døypt «Håkon Mosby». Dette fartøyet er framleis i drift.

Mosby var mellom anna medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (1948) og dei finske og svenske vitskapsakademia. Han fekk Prins Albert-medaljen i 1960, Fridtjof Nansen-medaljen i 1965 og Harald Sverdrup-medaljen i 1980. Han vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1971 og æresdoktor ved University of Newcastle same år.

Mosbybreen i Antarktis og MosbytoppenBouvetøya er begge kalla opp etter Håkon Mosby.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Sunshine and radiation, Scientific Results: The Norwegian North-Polar Expedition with the “Maud” 1918–25, bd. 1 nr. 7, Bergen 1932
  • The Sea-Surface and the Air, Scientific Results of the Norwegian Antarctic Expeditions 1927–28 et sqq., bd. 1 nr. 10, 1933
  • The Waters of the Atlantic Antarctic Oceans, doktoravhandlingm, ibid., bd. 1 nr. 11, 1934
  • Svalbard Waters, Geofysiske publikasjoner, bd. 12 nr. 4, 1938
  • Wire-angle in Oceanography, UiB Årbok Naturvit. rk. 1952 nr. 2, Bergen 1952
  • Deep Water in the Norwegian Sea, Geofysiske publikasjoner, bd. 21 nr. 3, 1959
  • Veines et artères de la mer, Bulletin de l'institut océanographique 1195, Monaco 1961
  • Water, Salt and Heat Balance of the North Polar Sea and of the Norwegian Sea, Geofysiske publikasjoner, bd. 24 nr. 11, 1962
  • South Atlantic Bottom Water i Symposium on Antarctic Ice and Water Masses, Tokyo 1970
  • Quo vadis Universitas?, Bergen 1971
  • Seasonal Variations in Fjord Basins and Coastal Waters, UiB. Geophysical Institute, Div. A. Report 56, Bergen 1982

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Håkon_Mosby» i Store norske leksikon, snl.no.