Håkon Njøten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Njøten

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1985 (38 år)
Yrke songar

Håkon Njøten (fødd 31. juli 1985) er ein norsk songar frå Eivindvik i Gulen kommune.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Håkon Njøten vart landskjend i fjernsynsprogrammet IdolTV 2 i 2004. Njøten var ein publikumsfavoritt, men vart til slutt slått ut av konkurransen og enda på ein femteplass. Kjartan Salvesen gjekk av med sigeren.

Njøten var også medlem av rockebandet Skin-Deep Stain som bestod av han sjølv, Henrik Tveit og Bjarte Sandal. Bandet spelte på fleire konsertar i 2004, mellom anna på Brann stadion saman med Kurt Nilsen og Bryan Adams.

Sommaren 2006 gav Njøten ut singelen Som sommeren. Dette vart debuten hans som soloartist, og det einaste han har gjeve ut på eiga hand pr. 2010. I dag er Njøten vokalist i elektropop-bandet The Micropops. Bandet vart kåra til Ukens Urørt i 2008, og har gjeve ut fleire singlar og ein cd.

I 2010 deltok Njøten i Melodi Grand Prix i bandet The Diamond saman med Matias Tellez og Axel Vindenes, men vart slått ut i delfinalen.

Njøten bur i Bergen, der han også jobbar som marknadsførar for artistar og med konsept innan den norske musikkbransjen gjennom skipinga Hoge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er delvis omsett frå bokmålswikipedia om Njøten.
  • Bokmålswikipedia om Melodi Grand Prix 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]