Håkon Särnblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Särnblom
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1966 (58 år)
Oslo
Idrett friidrett, korgball
Tok del i

Sommar-OL 1992

Håkon Särnblom (fødd 3. mars 1966) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo som deltok i høgdehopp. I 1994 vart han nummer fire i høgde-tevlinga under europameisterskapen i Helsinki. Mellom åra 1986 og -92 vann han fem NM-titlar i øvinga. I si tid som aktiv var han medlem av klubbane Oslo Idrettslag, IK Tjalve, og til sist IF Minerva. Han er gift med Hanne Haugland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Särnblom fekk sitt gjennombrot i 1986-sesongen då han var Noregs beste høgdehoppar og fleire gongar forbetra den personlege rekorden, sist til 2,18 m under eit stemne i Haugesund i slutten av juli. Den 10. mai 1987 slo han til med 2,23 m og ny norsk rekord under eit stemne i Göteborg, men makta ikkje heilt å fylgje opp vidare i sesongen.

I juli 1990 forbetra han i London sin norske rekord til 2,25 m, og 11 månader seinare la han på til 2,26 m. Denne noregsrekorden stod i berre ei veke, ettersom Steinar Hoen klarte 2,27 m på Nadderud stadion i Bærum den 22. juni. Särnblom tok tilbake noregsrekorden 21. juli då han gjekk over 2,28 m i svenske Strömstad. Han fekk vere norsk rekordhaldar i høgdehopp i nøyaktig 14 dagar, under noresgmeisterskapen på Fana stadion forbetra Heon noregsrekorden til 2,29 m, Särnblom fekk sølv med 2,25 m.

Särnblom deltok både VM i friidrett 1991 og Sommar-OL 1992, utan å nå finalane. Sitt livs beste hopp gjorde han likevel under ein stor meisterskap, EM i friidrett 1994 i Helsinki. Her forbetra han den personlege rekorden med tre centimeter til 2,31 meter og vart nummer fire. Han kom likevel i skuggen av Steinar Hoen, som tangerte sin ferske noregsrekord på 2,35 m og vart europameister. Särnblom deltok i VM i friidrett 1995 og vart slått ut i kvalifiseringa.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Gull – 2,13 m, framom Jan Hegland (2,10 m)
  • 1987: Bronse – 2,17 m
  • 1988: Gull – 2,19 m, framom Jan Langøy (2,17 m)
  • 1989: Gull – 2,21 m, framom Gisle Ellingsen (2,19 m)
  • 1990: Gull – 2,22 m, framom Gisle Ellingsen (2,21 m)
  • 1991: Sølv – 2,25 m, bakom Steinar Hoen (2,29 m)
  • 1992: Gull – 2,17 m, framom Thomas Røkenes (2,14 m)
  • 1993: Bronse – 2,17 m
  • 1994: Sølv – 2,21 m, bakom Steinar Hoen (2,30 m)
  • 1995: Sølv – 2,23 m, bakom Steinar Hoen (2,25 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • friidrett.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]