Hålandsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holdhus kyrkje i Hålandsdal
Hålandsdalen montessoriskule

Hålandsdal er ein dal og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland fylke.

Hålandsdal kommune 1903-1964[endre | endre wikiteksten]

Hålandsdal vart skild ut som eigen kommune frå Fusa 1. januar 1903 samstundes med Strandvik. Hålandsdal hadde ved opprettinga 647 innbyggjarar. Fusa kommune vart i 1856 skild ut frå Os.

1. januar 1964 vart Hålandsdal, Strandvik og det meste av Fusa slått saman til den nye Fusa kommune. Hålandsdal hadde ved samanslåinga 528 innbyggjarar. Han var den minste kommunen i Hordaland i innbyggjartal fram til 1962, då han passerte Modalen i folketal.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hålandsdal kommune frå 1903 til 1964:

1.1.1903 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
647 644 592 626 605 533 528

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde i Hålandsdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.