Hålogaland teater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hålogaland Teater)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybygg til Hålogaland teater.
Foto: Harald Groven, 2006

Hålogaland Teater er eit regionteater for Nord-Noreg. Teateret vart etablert i 1971 som det første regionteater i Noreg og det første profesjonelle teater i Nord-Noreg. 15. august 1971 starta arbeidsdagen for det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg.

Læraren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Lars Berg kjempa heile livet sitt for eit nordnorsk teater. Nordnorsk mål på nordnorsk scene var Lars Bergs kongstanke – det skulle vise seg at pionergruppa som tok fatt på oppgåva i 1971 ikkje slo igjennom hos det nordnorske publikumet før dei tok nordnorsk dialekt i bruk på scena. Sida har nordnorsk prega alle teateret framsyningane sine fram til i dag.

Opphavleg hadde ein teateroppsettingar i heile Nord-Noreg, men etter starten av Nordland Teater fokuserer teateret hovudsakleg på oppsettingar i Troms og Finnmark. Hovudsetet ligg i Tromsø, der Hålogaland Teater tok i bruk sitt eige teaterbygg den 4. november 2005. Teateret har pr. 21. februar 2006 over 50 tilsette.

Teatersjefar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Omsett frå Wikipedia på bokmål 29.10.07