Hålogaland lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°39′17.831″N 18°57′55.850″E

Tromsø tinghus / Hålogaland lagmannsrett

Hålogaland lagmannsrett har sitt hovudsete i Tromsø og er ein av seks lagmannsrettar i Noreg.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker, sjå nærare om sakshandsaminga i artikkelen lagmannsrett. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

Lagdømmet omfattar fylka Nordland, Troms og Finnmark i tillegg til Svalbard og Jan Mayen, jmr. oversikta nedst på sida over dei tingrettar som høyrer til Hålogaland lagdømme.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Forutan i Tromsø blir det jamleg sett rett i Mosjøen, Bodø og Vadsø, og om det trengst andre stader i rettskrinsen, f.eks. når retten må på synfaring. Lagmannsretten blir leida av ein førstelagmann og har i tillegg ein lagmann og 14 lagdommarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hålogaland lagmannsrett vart grunnlagd i 1890 med sete i Tromsø. Fram til 1936 vart ankar i sivile saker handsama av Trondhjem stiftsoverrett.

Førstelagmenn i Hålogaland lagmannsrett[endre | endre wikiteksten]

    • 1992-2000 Gaute Gregusson
    • 2000-2017 Arild Oskar Eidesen
    • 2017- Monica Hansen Nylund

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]