Hålogalandsallmenningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Hålogalandsallmenningen» er føreslått som namn på eit eigedomsselskap som i framtida kan komme til å forvalte den statlege grunnen i Nordland og Troms. Grunnen er i dag fovalta av Statskog, men i NOU 2007:13 Den nye sameretten er eigedomsretten til landet føreslått overført frå staten til «Hålogalandsallmenningen».

Arealet som kan gå til «Hålogalandsallmenningen» er på vel 30 000 km², og omfattar størstedelen av landarealet i innlandet i Nordland og Troms.

Det er føreslått at selskapet skal bli leidd av eit styre, sett saman av representantar for Sametinget og fylkeskommunane i Nordland og Troms. Etter framlegget kan reindriftssamar og jordbruksutøvarar få visse rettar i allmenningen. Dei vil òg, i lag med kommunane, vere med å oppnemne representantar i distriktsstyra som vil stå for ressursforvaltinga på lokalplanet.

Sjå òg Finnmarkseiendommen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]