Hårbergsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hårbergsteinen er ein runestein frå Hårberg i Rissa kommune i Trøndelag. Steinen stod opphavleg i tunet på Hårberg, men vart på eit ukjend tidspunkt lagt som vegdekke i hovudvegen, som gjekk gjennom tunet. Deretter vart steinen teken opp og brukt som bygningsstein i ein fjøsmur. I 1927 vart fjøset rive, steinen vart teken ut og innskrifta vart oppdaga. Theodor Petersen ved Vitskapsmuseet vart varsla, han kom ut til Hårberg og fekk teke ei førebels skildring av steinen. I 1956 vart steinen henta inn til museet, der han enno er ein del av samlingane.

Teksta er:

utar raisti stain aft(ir) ..(au)rn fauþur sin

På norrønt er det: Óttar reisti stein eptir Ǫrn (eller Bjǫrn), fađur sin

På moderne norsk vert dette: «Ottar reiste stein etter Ørn (eller Bjørn), far sin».

Innskrifta er frå midten av 1000-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]