Hårtørkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hårfønar)

Ein hårtørkar eller fønar er eit elektrisk apparat som bles varm luft på vått eller fuktig hår slik at det tørker raskt og kan formast til ønskt frisyre. Hårtørkarar kan vera små, handhaldne apparat som ein gjerne bruker heime, eller større maskinar på stativ som ein finn hjå frisørar og fastmonterte på veggar i samband med offentlege dusjar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hårtørkar frå rundt 1900.

Hårtørkaren blei funne opp i 1890 av den franske frisøren Alexandre F. Godefoy, som tok utgangspunkt i den nye oppfinninga støvsugar, men nytta lufta som blei blåst ut i staden for innsugingsevna. Apparatet var stort og uhandterbart, men blei erstatta i 1930-åra av mindre, dykkarhjelmaktige maskinar på stativ som blei tekne i bruk i frisørsalongar over heile verda.

Fön-fønar frå AEG.
Foto: Holger Ellgaard

Samstundes blei det utvikla mindre hårtørkarar som ein kunne halda i hande sjølv og bruka heime. Apparatet utvikla av AEG blei kalla Fön, etter fønvinden, noko som har gjeve det norske namnet fønar. På 1950-talet gjorde nye plastmateriale at hårfønarar blei endå vanlegare å ha heime.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]