Hårnål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hårnål frå Tang-dynastiet i Kina.
Frisyre med hårnåler.

Hårnål er ei nål som kan festast i håret som del av ein frisyre eller som pynt. Hårnåler kan vera enkle nåler, men er ofte også sett saman av to parallele metallnåler som både sit fast og held på ein del av håret (ofte kalla fliseklemmer). Hårnåler med ein smal opning har fjøring og klemmer om ein liten lokk av håret, medan dei med ein vidare opning kan stikkast inn i håret og typisk kan brukast til å halda på oppsett hår.

Nokre hårnåler er laga for å synast minst mogleg, og kan ha fargar som liknar på hårfargar. Andre kan ha utførlege dekorasjonar, til dømes kunstverk eller smykke i enden. Hårnåler med dekorative endar har også vore brukt til å festa hovudplagg som hattar og hårnett med, og er i denne forma også blitt kjende som hattenåler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]