Hårpisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av ei kinesisk hårpisk
Silhuett av Richard Floor frå Røros med hårpisk.

Hårpisk er ei lang, tynn flette eller pisk av hovudhår som heng ned i nakken. Fletta hårpisk frå eit delvis barbert hovud var påboden frisyre for alle menn under Qing-dynastiet i Kina frå 1645 til 1912. Hårpiskar var dessutan vanlege i den europeiske herremoten på 1700-talet. Skikken oppstod som militær Soldatenzopf blant prøyssiske soldatar, men blei utbreidd òg i den sivile moten, særleg i form av piskeparykker, pudderparykkar med langt, stramt bunde nakkehår. Mange menn heldt fram med å ha hårpisk i eige hår også ei tid etter at parykkane gjekk ut av bruk mot slutten av hundreåret.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Hårpisk blir kalla queue eller cueengelsk og fransk, eit ord som òg kan skrivast kø på norsk og som er danna av det latinske cauda som tyder «hale». Hårpisk kunne tidlegare òg kallast floke (floge på dansk).

Kinesiske tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Eldre kinesisk mann med lang hårpisk eller nakkeflette, fotografert i Chinatown i San Francisco i USA ca. 1900.

Nakkefletter blei òg brukte av mannlege mandsju-kineserar frå Mandsjuria (det nordaustlege Kina). I Kina kravde mandsju-keisarmakta under Qing-dynastiet frå 1644 at alle menn, òg han-kinesarane, skulle ha hårpisk som teikn på underkasting. Frisyren bestod i at håret framme på hovudet, det vil seia over tinningane, blei barbert kvar tiande dag, medan det gjenverande håret var fletta i ein lang hale bak.

Kravet om at menn skulle barbera panna og la det veksa ut ei nakkeflette møtte likevel motstand, og avgjerda blei det første året berre innført for hæren, der hårpisk på ein tydeleg måtte ville skilja ven frå fiende. Allereie i 1645 blei likevel påbodet innskjerpa (ved dekret frå regenten Dorgon) for alle kinesiske menn: «Hald på håret og mist hovudet – eller mist håret og hald på hovudet».

Påbodet opphøyrde i 1912 då det kinesiske keisarriket blei styrta av nasjonalistpolitikaren Sun Yat-sen, som sjølv hadde vakse opp med moten, men som tok i bruk kort, pomadekjemma hår og vestleg klesstil då han som ung mann flykta til Japan og Vesten. Fleire kinesarar heldt likevel fram med den gamle skikken, mellom dei den keiservennlege generalen Zhang Xun.

Dei fleste slutta med tradisjonen då den avgåtte siste keisaren av Kina, Puyi (1906-1967), klippa sin hårpisk i 1922. Hårpisk, ofte saman med lange, tynne «flagrebarter» og tradisjonell kinesisk klesdrakt, blei framleis ofte brukte som ein vestleg karikatur på ein kinesisk mann langt ut på 1900-talet.

Europeiske tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Hårpisk var ein del av den europeiske herremoten på 1700-talet. Biletet viser Fredrik II av Preussen (1712-1786, konge frå 1740) som feltherre iført samtidig uniform med trekanthatt og piskeparykk, det vil seia pudderparykk med lang, stram hårpisk i nakken.

På 1600-talet var det blitt vanleg i Europa at menn i øvre lag av samfunnet bar parykk. Ei tid brukte ein enorme, krølla allongeparykkar i ulike hårfarger, men forma og lengda på parykkane varierte og moten skifta. På 1700-talet overtok dei kvite eller grå pudderparykkane. Under rokokkoen blei nakkehåret på desse gjerne samla i ein hestehale med ei svart sløyfe. Nakkehåret kunne òg samlast i ein hårpung, det vil seia ein tøypose eller eit nett av silke og andre fine stoff der mennene kunne samla håret for å unngå å pudra ned kleda. Frå omkring 1740 til 1800 var piskeparykker moderne, delvis etter militære førebilete. Det var pudderparykkar med ein lang hårpisk surra eller fletta stramt inn i eit piske- eller hårband. Håret sjølv var sjeldan fletta, men kunne pudrast eller innsetjast med feitt slik frisyrane elles blei farga og forma. Herreparykkane gjekk heilt av moten mot slutten av 1700-talet, og blei berre haldne på av eldre, konservative herrar og i embetsdrakten for britiske advokatar, dommarar og biskopar. Hårpisk som del av eige naturleg hår blei likevel halde på ei kort tid inn på 1800-talet, gjerne i ein kortare variant.

I «Telerne i den norske hersoga» frå 1909 skriv Hans Reynolds om rolla til telemarkingane i den norske hæren frå 1600-talet. Der fortel han blant anna dette om soldatane sine uniformer på 1700-talet: «Lenge bruka dei og haarpisk, som ei tid skulde naa til kjoleskjøtarne. Til parada puddra dei haaret med mjøl; til det var det ytt serskild av rikskassa.» Han skriv òg om piskeband: «I 1789 vart det send upp fraa Kjøpenhamn til nokre av kompanii i «Telemarkske regiment» 1078 haarband.»[1]

Ingeborg Møller skildrar i ein biografi om den norske filosofen Henrich Steffens student- og universitetsmiljøet i København i 1802 slik: «Der var eldre professorer med hårpisk i nakken og gullknappet stokk, unge studenter med viltre ’revolusjonslokker’, gamle embeds-menn med parykk og snusdåser og iblandt noen ’videbegjærlige fruen-timmer’ i pelskantede kåper.»[2]

Både frisyrar og klede på 1600- og 1700-talet var svært fargerike og overdådige samanlikna med korrekt selskapsantrekk frå nyare tid. Då oppstod òg moter i moderne forstand og det var ei mengd variantar og skikkar som blei tekne opp og vidareutvikla av overklassa. Av hårpiskliknande frisyrar kan ein til døme nemna cadenettes, ei fransk nemning på korte eller langa dreadlock-liknande sidefletter som hengde ned framfor øyrene og som særleg fanst i militærmoten i denne perioden.

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Tysk gut med lang hårpisk eller nakkeflette («rottehale») i 2006

Litt forenkla kan ein seia at europeisk herremote blei meir nøktern og mindre fargerik etter den franske revolusjonenknebukser og parykkar etter kvart blei erstatta av langbukser, mørke dressar og kort hår. Draktskikk frå gamle tider med sterke fargar og effektar blei likevel haldne på, og vidareutvikla, i dei militære uniformsdraktene, blant anna for å fengja nye soldatar og folkesetnaden elles. Også hårmotane blei tidvis ekstreme, sjølv om hårpiskar ikkje kom attende før den langhåra moten på 1960-talet førte til friare og villare «opprørsfrisyrar» for menn, som òg kunne omfatta fletter. På 1980- og 90-talet kom dessutan den forsiktige guttemoten med «rottehaler», ein tust langt nakkehår på eit elles kortklipt hovud.

Samanlikna med frisyrane til menn har den europeiske kvinnemoten vore mykje rikare i same periode. Det lange håret til kvinnene har blitt sett opp og klipt i eit utal variantar, òg med bruk av fletter på ulikt vis, sjølv om den tynne hårpisken ikkje har vore eit eige fenomen.

Hårpisk andre stadar[endre | endre wikiteksten]

Christian IV, konge av Danmark-Noreg frå 1588 til 1648, iført kniplingskrage, øyrering og tidsriktig frisyre med tynn sideflette, ei såkalla polsk flette (på latin plica polonica og tysk Weichselzopf), som var pynta med ei sløyfe. Sidefletter har på fransk òg blitt kalla à la polonaise og cadenettes. «Polsk flette» har òg vore namn på ein hårsjukdom, i gamle dagar ofte forklart som «mareflette». Måleri av Karel van Mander

Hårpisk har òg blitt brukt av enkelte nordamerikanske urfolk og indiske brahmanar, det vil seia medlemmar av prestekasten i hinduismen.

Ein tynn nakkepisk i ein elles kortklipt frisyre har òg vore vestleg ungdomsmote på 1980- og 1990-talet, på norsk ofte omtalt som «rottehale» eller på dansk grisehale (tilsvarande det engelske pigtail, som på britisk engelsk tyder «musefletter» på sida av hovudet og i amerikansk tyder «hestehale» i nakken).

Liknande frisyrar[endre | endre wikiteksten]

I mange land og kulturar har det vore vanleg å samla langt kvinnehår i ei eller fleire fletter, som eventuelt kan setjat opp ytterlegare. Ein raskare måte å samla langt hår på så det ikkje heng i vegen, er å laga ein hestehale i nakken eller på bakhovudet ved hjelp av ei sløyfe, hårspenne eller hårstrikk. Slike hestehalar blir i dag brukt av både barn og vaksne kvinner. Også enkelte menn med langt hår kan ha hestehale i vestleg mote.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]