Håsteinen

Koordinatar: 61°31′59″N 05°22′35″E / 61.53306°N 5.37639°E / 61.53306; 5.37639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høydalsnipa
(Vestre) Håsteinen
fjell
Anno 1943.
Foto: Odd Høydal
Land  Noreg
Område Kinn (Vestland)
Fjellkjede Håsteinsmassivet
Høgd 933 moh.
Primærfaktor 153 m
Koordinatar 61°31′59″N 05°22′35″E / 61.53306°N 5.37639°E / 61.53306; 5.37639
Kart
Inste Håsteinen
61°32′00″N 5°24′00″E / 61.5333°N 5.4°E / 61.5333; 5.4
Wikimedia Commons: Håsteinen, Kinn

Håsteinen er eit fjellmassiv med to toppar i Kinn kommune, 933 og 965 moh. Vestre toppen skil seg tydeleg ut frå omgjevnadene og er lett å få auge på om ein ser søraustover frå Florø. Vestre Håsteinen vert òg kalla Høydalsnipa. Austre toppen (den høgste) som også ber namnet Håsteinen, ligg knappe 2 km søraust for den vestre. Den desidert mest nytta ruta opp til dei to toppane går frå Øvre Standal. Men også stiane frå Store Høydal og Vassbotten blir mykje nytta.

Namn på fjellet[endre | endre wikiteksten]

Namnet må ha norrønt opphav og tyder rett og slett «Høgesteinen» (Hå=høg). Namnebruken er omdiskutert, og truleg ligg noko av årsaka i dei ulike perspektiv toppane vert sett frå i bygdene omkring.

I bygdelaga Osen, Svardal, Steindal, Vevring, Standal og Øvre Standal nyttar folk oftast namnet Håsteinen berre for den austre toppen. Namnet Høydalsnipa vert nytta for den vestre toppen. Frå alle desse bygdelaga er det lett å sjå begge toppane (frå turstien til fjells).

Folk i Likkje- og Store-Høydal nyttar helst namnet Håsteinen for begge toppane. Her dominerer synet av den vestre toppen, som ragar mektig over Store-Høydalen.

Statens kartverk (Blad 1118 II, Eikefjord, 1994) namnset vestre toppen (933 moh.) for Høydalsnipa og austre toppen (965 moh.) for Håsteinen.