Hopp til innhald

Håvard Bøkko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håvard Bøkko


StatsborgarskapNoreg
Fødd2. februar 1987 (39 år)
Hønefoss
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Skeise-VM 2014 i firkamp, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – 1500 meter herrer

Håvard Bøkko (fødd 2. februar 1987) er ein norsk skeiselaupar. Han er bror til skeiselauparen Hege Bøkko og representerer Hol Idrettslag.

Tidleg karriere (2005-2007)

[endre | endre wikiteksten]

I november 2005 sette han tre verdsrekordar for juniorar på to veker. Den 5. november gjekk han 3000 meter 3.43,66, den 13. gjekk han 5000 meter på 6.18,93 og den 18. gjekk han 1500 meter i på 1.46,07.

Den 4. desember 2005 vart han den tolvte skeiselauparen i verda til å kome under 150 poeng på adelskalenderen. 15. januar 2006 vann han bronsemedalje i EM allround for seniorar i Hamar. Bøkko avslutta sesongen 2006 med å verte juniorverdsmeister, som første nordmann sidan Geir Karlstad i 1982.[1] Etter 2005/2006-sesongen hadde Bøkko alle norgesrekordar for juniorar - på distanser frå 500 meter til 10 000 meter.

Sesongen 2006/2007 viste Bøkko at han hadde etablert seg blant dei aller beste i verdseliten. Han vart nr fire samanlagt i både europameisterskapen og verdsmeisterskapen.

Medaljane kjem (2008-)

[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 2007/2008 starta bra for Bøkko då han vann alle fire distansane under NM enkeltdistansar i VikingskipetHamar i oktober. Sigeren på 500 m måtte han dele med klubbkameraten Christoffer Fagerli Rukke. Bøkko vann sin første verdscupsiger 2. desember 2007 på 10 000 m i Kolomna i Russland. Same stad tok han sylvmedalje i EM allround 13. januar 2008, etter andreplass på 5 000 og 10 000 meter og fjerdeplass på 500 og 1 500. Under VM på skeiser 2008 i Berlin i februar tok han sylv bak den suverene vinnaren, Sven Kramer, frå Nederland. Til trass for problem med aksla greidde Bøkko å sikre sigeren i verdscupen 5 000 m/10 000 m sesongen 2007/2008.[2] Etter dette valde han å avslutte sesongen før VM enkeltdistansar, for å operere aksla.[3]

Han vann sylv i EM i Heerenveen i Nederland 9.-11. januar 2009, og vart slegen av Sven Kramer. I Allround-VM på skeiser 2009 tok Bøkko igjen gong sylv samanlagt, og vart nr to på 500 m og 5 000 m, vann 1 500 m og vart nr to på 10 000 m. Pallplass på alle distansar i eit allround-VM hadde ingen nordmann klart sidan Michael Staksrud gjorde det i 1937. Under VM på skeiser enkeltdistansar 2009 i Vancouver i Canada 12.-15. mars 2009 vann han sylv både på distansane 5 000 og 10 000 m, begge gognene slegen av Sven Kramer.[4]

Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann han bronse på 1 500 m.[5]

13. februar 2011 tok han sin tredje sylvmedalje i Allround-VM, etter at han tok distansesigeren og sette ny norsk rekord på 10 000 meter med 12.53,89.[6] Bøkko vart verdsmeister på 1500 m under VM på skeiser enkeltdistansar 2011[7].

5. april 2011 vart det klart at syskena Bøkko ville bryte med landslaget og heller satse på profflaget Team CBA med Peter Mueller som trenar.[8]

I verdscupfinalen 2012 slo han Shani Davis i parlaup og vann distansen (sin tredje på 1500 i verdscupen), og endeleg heile 1500m-cupen samanlagt etter dei siste sesongane med to andreplassar og ein tredjeplass i den same distanse-cupen.

Personlege rekordar

[endre | endre wikiteksten]
DistanseTidDatoÅrStad
500 m35,862. mars2009Salt Lake City
1000 m1.08,4213. desember2009Salt Lake City
1500 m1.42,676. mars2009Salt Lake City
3000 m3.39,292. mars2009Salt Lake City
5000 m6.09,947. mars2009Salt Lake City
10 000 m12.53,8913. februar2011Calgary

Resultatmessig utvikling

[endre | endre wikiteksten]
Håvard Bøkko før 1500 meter under verdscupen i Berlin i november 2008.

Samanlagt i Verdscupen

[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert etter første dag av verdscupfinalen sesongen 2011/12

Sesong500m1000m1500m5000m/10000mLagtempo
PlassPoengPlassPoengPlassPoengPlassPoengPlassPoeng
2004/05------3224 p--
2005/06610 p680 p1964 p12101 p4180 p
2006/07--547 p1898 p10163 p8146 p
2007/08540 p3157 p9305 p1445 p3330 p
2008/09--3345 p3363 p2485 p6150 p
2009/10--2757 p2395 p1455 p1380 p
2010/11----2357 p4331 p1270 p
2011/12--27 *31 p1472 p 4 *272 p 8 *113 p

* = Før finalekonkurransen.

  1. «Håvard Bøkko vant VM». Aftenposten.no. 12. mars 2006. Henta 15. mars 2008.
  2. «Bøkko vant v-cupen». Aftenposten.no. 23. februar 2008. Henta 15. mars 2008.
  3. «Bøkko velger operasjon framfor VM». Aftenposten.no. 24. februar 2008. Henta 15. mars 2008.
  4. «Nytt VM-sølv til Bøkko». VG.no. 15. mars 2008. Henta 15. mars 2008. Håvard Bøkko måtte igjen se seg slått av Sven Kramer, men tok VM-sølv på 10 000 meter.
  5. «OL-bronse til Bøkko på 1500m» www.NRKsport.no Publisert 21. februar 2010 Vitja 5. november 2011.
  6. NRK.no - «Håvard Bøkko tok sitt tredje VM-sølv» www.NRK.no Publisert 13. februar 2011. Vitja 5. november 2011.
  7. NRK.no - «VM-gull til Håvard Bøkko» NRK.no Publisert 10. mars 2011. Vitja 5. november 2011.
  8. «Bøkko-søsknene forlater landslaget - går til Mueller». dagbladet.no. 5. april 2011. Henta 7. april 2011.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Håvard Bøkko