Håvard B. Øvregård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Håvard B. Øvregård

Håvard Bjørkedal Øvregård (fødd 5. mai 1975), frå Volda, er ein norsk organisasjonsmann og målmann. Frå april 2009 til april 2013 var han leiar av Noregs Mållag.

Øvregård er no prosjektleiar ved Norges idrettsforbund i prosjektet "Med idretten mot homohets". Han har vore landstyremedlem i Norsk Målungdom og leiar i Kringkastingsringen mellom 2006 og 2009, leiar i Norges Gymnasiastsamband 95 - 96, styremedlem i Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) 96 - 98, styremedlem i det europeiske ungdomsforum (European Youth Forum) 98 - 02, nestleiar i Høgres Studenterforbund (HSF) 04 - 05, varamedlem til sentralstyret i Høgre 04 - 05, nestleiar i Noregs Mållag 08 - 09.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]