Håvard Klemetsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håvard Klemetsen
FIS Worldcup Nordic Combined Ramsau 20161217 DSC 7286.jpg
Fødd 5. januar 1979
Kautokeino
Håvard Klemetsen på Commons

Håvard Klemetsen (fødd 5. januar 1979) er ein norsk kombinertrennar som representerer Kautokeino Idrettslag. Klemetsen er fødd i Kautokeino og busett i Trondheim. Han vann VM-gull for Noreg i lagtevlinga i ski-VM 2005 i Oberstdorf og VM-bronse i Sapporo to år seinare. I 2011 fekk han individuelt ein fjerdeplass i ski-VM i Oslo, og i 2014 tok han OL-gull i Sotsji saman med resten av kombinertlaget. Klemetsen har pr dato vunne ein verdscupsiger og er noregsmeister to gongar. Han har sin styrke i hoppbakken, og har leia fleire kombinertrenn føre langrennsdelen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klemetsen debuterte i verdscupen nyårsdag i 2003. I januar 2005 vart han nummer sju i eit verdscuprenn i Schonach, hans beste plassering til dess. Han fekk plass i den norske VM-troppen og vart nummer 20 i den ordinære kombinertøvinga, før han 23. februar 2005 vart verdsmeister for Noreg i lagøvinga, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Kristian Hammer. Under dei olympiske leikane i 2006 vart det ein ny 20. plass individuelt.

Midt i januar 2007 vart Klemetsen nummer fire i verdscupen i Lago di Tesero, hans beste verdscupplassering så langt. I VM 2007 i Sapporo kom han på 16. og 19. plass i dei individuelle tevlingane, men vann bronsen i lagkonkurransen saman med Espen Rian og førnemnde Petter Tande og Magnus Moan.

Etter nokre sesongar med få gode prestasjonar nærma Klemetsen seg verdseliten i 2011-sesongen. Han deltok i begge dei individuelle tevlingane i verdsmeisterskapen i Oslo og vart nummer ni i øvinga der det vart hoppa i normalbakken. I den siste øvinga, då det vart hoppa i storbakken Holmenkollbakken, overraska han stort og vart beste nordmann på fjerdeplass.

Klemetsen tok sin fyrste verdscupsiger 3. desember 2011 på Lillehammer. Det vart då hoppa i 100-metersbakken og gått 10 km langrenn, der Klemetsen spurtslo Alessandro Pittin frå Italia med to tidels sekundar. Knapt eit år seinare oppnådde Klemetsen sin andre pallplass i verdscupen, også då på Lillehammer, der han i ei kombinertøving med strafferundar vart slått av Magnus Moan med fem sekundar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Nr 23 i Chaux-Neuve
  • 2004: Nr 13 i Seefeld og Lahti
  • 2005: Nr 7 i Schonach og i Liberec
  • 2005/06: Nr 8 i Ruhpolding og Ramsau
  • 2007: Nr 4 i Lago di Tesero
  • 2008: Nr 4 i Klingenthal
  • 2009: Nr 7 i Lahti
  • 2010: Nr 18 i Holmenkollen
  • 2011: Nr 4 i ski-VM i Oslo
  • 2011/12: Vinnar på Lillehammer
  • 2012/13: Nr 2 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Nr 5 i Høydalsmo
  • 2003: Nr 8 i Molde
  • 2004: Nr 4 i kombinertsprint på Bardufoss
  • 2005: Gullmedalje og bronsemedalje (sprint) på Lillehammer
  • 2006: Bronsemedalje på Kongsberg
  • 2007: Sølvmedalje i Bardu
  • 2008: Sølvmedalje (sprint) og bronsemedalje i Trondheim
  • 2009: Nr 5 i fellesstart på Gjøvik
  • 2010: Nr 5 i Stokke
  • 2011: Sølvmedalje på Steinkjer
  • 2013: Gullmedalje på Vang

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]