Håvard Rem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Håvard Rem på Garborgsenteret, 2013.

Håvard Rem (fødd 7. februar 1959 i Oslo) er ein norsk forfattar og lyrikar, busett på Notodden. Han er far til musikaren Simen Rem.

Han debuterte allereie som 18-åring med Kall på heltene i 1977, og har så langt gjeve ut elleve diktsamlingar. Han har skrive ei rekkje biografiar, mellom anna om Bjarte Baasland, Erik Mykland, Aril Edvardsen, Tor Erling Staff og Hank von Helvete. Han har gjendikta Bob Dylan og Leonard Cohen, og har skrive eigne songtekstar for bruk av artistar og band som a-ha, Morten Harket, Kaizers Orchestra, Vamp, Jørn Hoel, Silje Nergaard og Ørkenkjøtt.

Saman med sonen Simen utgjer han duoen REM & REM.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.