Håvard Torfinnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håvard Torfinnsson
Fødd942
Død980
FarTorfinn Einarsson
EktefelleRagnhild Eriksdotter
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Håvard Torfinnsson (Håvard den årsæle) var jarl på Orknøyane, truleg ei stutt tid i 970-åra. Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Håkon den gode[2] (kap.10), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96). Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I sogene er det opplyst at Håvard var son til orknøyjarlen Torfinn Einarsson (Hausakljuv) og at han hadde fire brør: Arnfinn, Lodve, Ljot og Skule. Han hadde òg to systre om vi ikkje kjenner namnet på. Kvar av systrene fekk ein son som heitte Einar; Einar Klining (kliningr) og Einar Hardkjeft (harðkjotr).

Etter at broren Arnfinn døydde, truleg tidleg i 970-åra, vart Håvard jarl over Orknøyane. Han vart ein god hovding og fekk tilnamnet «den årsæle»[4]

I Orknøyingasoga (kap. 8 og 9) blir det fortalt om Håvard Torfinnsson. Han vart gift med Ragnhild, dotter til Eirik Blodøks, truleg rett etter at han vart jarl, og etter at Ragnhild hadde late drepe broren Arnfinn. Tidsrekninga er særs uviss, men truleg skjedde dette drapet ein gong tidleg i 970-åra. Men Ragnhild heldt fram med intrigene sine og ho fekk Einar Klining, syskenbarnet til Håvard, til å drepe Håvard. Det kom til eit slag på Steinsnes på Rossøy, og staden der Håvard fall vart kalla Håvardsteigar.

Etter Håvard vart broren Ljot Torfinnsson jarl over Orknøyane.

Den vonde Ragnhild[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Eiriksdotter var mykje lik på Gunnhild, mor si, og ho er omtala som ei vond og svikefull kvinne[5]. Det høyrer med i denne soga at Ragnhild hadde lova å gifte seg med Einar Klining, etter at han hadde drepe Håvard, andremannen hennar. Men så ville ho ikkje stå ved lovnaden og ho egga det andre syskenbarnet, Einar Hardkjeft, til å hemne drapet og han fór då mot Einar Klining og drap han. Men Ragnhild ville ikkje løne den andre drapsmannen heller, og ho sende bod på den tredje broren, Ljot Torfinnsson, den nye jarlen, og gifte seg med han. Etter at ho slik i tur og orden hadde gift seg med dei tre brørne, høyrer vi ikkje meir om Ragnhild i sogene.

Referanseside Føregangar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Arnfinn Torfinnsson Håvard Torfinnsson
(den årsæle)
Ljot Torfinnsson -

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Håkon den gode frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. Tilnamnet «årsæl» tyder på at han var ein hovding som sytte for gode år og velstand for land og folk.
  5. Skjebneveven : om sagaens kvinner av Vera Henriksen (Oslo 1998)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]