Håverud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°49′24″N 12°24′50″E

Dalslands kanal ved Håverud
Akvedukten i Håverud

Håverud er ein tettstad i Melleruds kommun i Västra Götalands län i landskapet Dalsland. Håverud har rundt 150 innbyggjarar (31. Desember 2005).

Håverud ligg ved Dalslands kanal og kanalen passerer her i ein kjend akvedukt.

Akvedukten i Håverud blei ferdigstilt i 1868 og er ein kombinasjon av ei vegbru, jernbanebru og ein akvedukt.

Tre reiarlag har passasjertrafikk som passerer Håverud. Dette er M/S «Dalslandia», M/S «Storholmen» og M/S «Dalsland».

Tettstaden fekk eige postkontor 11. april 1918, først med staveforma Håfverud. Postkontoret blei lagt ned i 1971 og Mellerud 2 i Åsensbruk er no næraste poststad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]