Hægebostad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hægebostad kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Tingvatn
Areal 462 km²
 - land 426 km²
 - vatn 36 km²
Folketal 1 702 (1. januar 2016)
Folketettleik 4 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Margrethe Handeland (Sp)
Kommunenummer 1034
NO 1034 Hægebostad.svg
Wikimedia Commons: Hægebostad

Hægebostad er ein innlandskommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral og Audnedal i aust og Lyngdal i sør.

Hægebostad har om lag 1.600 innbyggjarar. I tillegg er det kring 800 hytter i kommunen.

Elva Lygna som er varig verna mot kraftutbygging renn frå nord til sør i kommunen. Elva og vatnet Lygne har som følgje av kalking godt fiske. Alt i alt er det 988 små og store vatn i kommunen.

Kommunen har eit rikt dyreliv med elg, bever, rådyr, hare, rype, ørn og gaupe. Nord i kommunen er det beiteområde for den sørlegaste villreinstamma i landet.

Fylkesveg 42 kryssar kommunen i retning aust-vest, og fylkesveg 43 som går sørover gjev samband til Europaveg 39. Sørlandsbanen har stoppestad i Hægebostad på Snartemo stasjon. Stasjonen ligg midt mellom to av de lengste jernbanetunnelane i Noreg, Kvinesheitunnelen og Hægebostadtunnelen.

Meteorologisk institutt, Avinor og Statens vegvesen driv i samarbeid ein stor vérradarStaksteinliknuten (631 moh.) i Hægebostad. Radaren stod ferdig i 2000 og dekkjer sørlege delar av Noreg og dei nære havområda utanfor.

Hægebostad kommune av i dag omfattar dei tidlegare kommunane Hægebostad og Eiken. Dei vart slegne saman i 1963. Dei to kommunane utgjorde ein kommune òg frå 1837 til 1915. Frå 1916 til 1962 var Hægebostad og Eiken sjølvstendige kommunar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°22′32.6″N 7°13′11″E