Hægebostad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°20′25.058″N 7°12′19.829″E

Hægebostad kyrkje
kyrkje
Hægebostad krirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister
Sokn Hægebostad
Fellesråd Hægebostad
Arkitekt Nils Christian Hald
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1844
Klokker 1, K.C. Schmidt (1842)
Kyrkjegard Ja
Preikestol Av tre (1844)
Døypefont Av tre
Altartavle Kross
Orgel Vestlandske (1973)
Sitjeplassar 450
Diverse 2 galleri
Wikimedia Commons: Hægebostad kirke

Hægebostad kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1844 i Hægebostad kommune i Vest-Agder fylke.

Kyrkja vart bygd etter teikningar av sokneprest Nils Christian Hald (tenestetid 1841–1844) med godkjenning og mindre merknader frå stadskonduktør Christian H. Grosch. Torje Taralsen Birkeland var byggjeleiar.[1]

Kyrkja har 450 sitjeplassar.

I Inwood i USA har norske utvandrarar sett opp ei kyrkje dei har kalla Hægebostad.[2]

Tidlegare kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Ei kyrkje på staden er fyrste gong nemnt i 1445, men det er ikkje kjend kva slags bygning dette var. Kyrkjestaden er nemnt i Stavanger kapitel si jordebok i 1620. Denne mellomalderbygningen vart riven i 1629, og ei langkyrkje av tømmer vart oppført i staden. Tømmerkyrkja hadde eit lite tårn, klokkene hang i eit eige lite bygg (stopul), og vindauga var små. Tomta var om lag den same som for dagens kyrkje. I 1723 selde kongen kyrkja. På auksjonen kjøpte fire bønder kyrkja på vegne av allmugen i bygda. Bygningen vart etter kvart for liten, og presten N.C. Hald argumenterte i 1843 òg for at bygningen ikkje var verdig som gudshus. Treverk frå kyrkja frå 1629 vart brukt om att då ny kyrkje vart oppført i 1844.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hægebostad kyrkje 150 år», s. 44–45.
  2. Op.cit., s. 49.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]