Hægeland kyrkje

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search
Hægeland kirke
kyrkje
Haegeland kirke2.jpg
Foto: Harald Haugland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Fellesråd Vennesla
Stad Hægeland kyrkje
Type Oktagon
Arkitekt Anders Thorsen Syrtveit
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 12. desember 1830
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 250[1]
Wikimedia Commons: Hægeland kirke

Hægeland kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1830Hægeland i Vennesla kommune i Vest-Agder fylke.

Bygget er i tømmer og har 240 plassar.

Ein kjem til kyrkjestaden via Rv9 og Fv462.

Sett frå motsett vinkel foto:Siri Johannessen

Historie[edit | edit source]

Arbeidet med murar til kyrkja tok til omkring 1824 og i eit møte i 1826 kyrkjelyden samde om eit åttekanta bygg av tømmer. I søknad sendt departementet i 1827 står det mellom anna at den dåverande annekskyrkja var «såre brøstfeldig og meget forliden efter menighetens tiltagende størrelse». Søknaden var vedlagt teikning som viser ei kyrkje med valmtak over koret og tårn over inngangspartiet. I desember 1827 reiste byggenemnda til Hornnes for å sjå på den nye kyrkja der, dei brukte truleg Hornnes kyrkje som modell for nybygg på Hægeland. Hornnes kyrkje sto ferdig i 1828. Det skal ha vore klager over at den endelege kyrkje hadde avvik frå dei godkjente teikningane. Minneskriftet nemner Anders Thorson Syrtveit som «kyrkjebyggjaren».[2] Syrtveit bygde også Hylestad kyrkje (1839) og Sandnes kyrkje i Bygland (1844), truleg etter mønster av Hægeland kyrkje.[3]

Tidlegare kyrkje[edit | edit source]

Den førre kyrkja var truleg frå mellomalderen. Dei eldste rekneskapane er frå 1625 og kyrkja er nemnt i dokument frå 1565. Ved store reparasjonsarbeid i 1677 vart det notert at bygget var svært dårleg stand. På same måte som dei fleste andre norske kyrkjer selde kongen Hægeland kyrkje for å finansiere krigføring. Allmugen kjøpte kyrkja på auksjon i oktober 1723 for 395 riksdalar. Minneskriftet omtaler den gamle kyrkja som tømra og bordkledd, ei vanleg langkyrkje med sakristi og tårn. Bordkledningen skal ha vore liggande og festa med trenaglar. Minneskriftet meiner også at den var dekorert innvendig med rosemåling, tekst og bilete. Den gamle kyrkja vart reven i 1829 (siste messe var 29. april) og delar av treverket brukt i den nye. Bygget var 8,5 meter langt og 7 meter bredt.[2]


Kjelder[edit | edit source]

  1. Kyrkjesøk
  2. 2,0 2,1 Anonym (Jon Åsen?) (1930). Hægelands kyrkje gjennom 300 år. Kristiansand: Skriftnemnda.  [Trykt i Agder Tidends prenteverk]
  3. Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.

Bakgrunnsstoff[edit | edit source]