Den thailandske hæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hæren i Thailand)
Hopp til navigering Hopp til søk

Den thailandske hæren (thai กองทัพบกไทย, Kongthap Bok Thai) er hæren i Thailand og den eldste og største greina av det thailandske forsvaret. Hæren blei skipa i 1874, dels som svar på nye trugsmål som følgje av Bowring-traktaten med Storbritannia. Traktaten frå 1855 opna opp landet for internasjonal handel.

Hæren har tradisjonelt hatt stor politisk makt i Thailand. Offiserar frå hæren har utført statskupp i 1957, 1959, 1976 og 2006. 22. mai 2014 avsette hæren styresmaktene i Thailand og innsette offiserar i nasjonalforsamlinga. 21. august valde denne forsamlinga hærleiaren Prayuth Chan-ocha til ny statsminister. Generalen hadde sagt at det skulle haldast nasjonale val etter politiske reformer som kom til å ta minst eitt år å fullføra.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thailand's Junta Chief Chosen as Prime Minister». Voice of America. 21 August 2014. Henta 23 September 2014. 
Spire Denne militærartikkelen som har med samfunn og Thailand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.