Hòv

Hòv (norr. hof) viser til stader for utøving av norrøn religion. Det er usikkert om dette viste til stader innan- eller utandørs, til eigne tempel eller bygningar som også hadde andre bruksområde. Truleg har ein hatt ulike typar hòv ulike stader.
Spor etter førkristne bygningar som er tolka som hòv er funne under arkeologiske utgravingar mellom anna i Uppåkra på Lundsletta i nærleiken av byen Lund i Skåne i Sverige, og på eit område på Ranheim i Trondheim, der det òg vart funne ei steinrøys av ein slik skapnad og konstruksjon at ho vart tolka som ei horg, og dessutan ein veg mellom to steingardar som ein meinte kunne ha vore ein prosesjonsveg.
Stadnamn avleidde av hof er utbreidde i Noreg og Sverige, både som usamansett ord (Hov, Hof, Hoff, Hove) og i samansetjingar med stadtilvisingar (Hovin, Hoftun, Hofstaðir) eller med gudenamn (som Norderhov av Njarðarhof og Torshov).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «hov – i norrøn diktning betegnelse på hus til bruk for (hedensk) gudsdyrking» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Sjå og[endre | endre wikiteksten]
- Horg
- Ve
- Veet på Ranheim
Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.