Hólladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hólladinga sin verkemåte
Snitt gjennom hólladning. Det gule området er sprengstoff

Ei hólladning er ei sprenglading som er forma slik at energien vert fokusert. Ulike typar vert brukt for å forma metallatomvåpen og trenga gjennom panser. Ei typisk moderne hóllading kan trenga gjennom panserstål til omtrent 7 gonger diameteren til ladninga.

Ei typisk hólladning er laga av ein massiv sylinder av sprengstoff med ei konisk hóllading i den eine enden. Dette holrommet er belagt med eit tett, formbart metall som til dømes kopar. Når ladninga vert detonert frå den andre enden, vert koparen projisert ut i ein tynn,  flytande stråle med ein toppfart opp til 12 km/s. Trykket som vert skapt tvingar metallet som vert treft til å gje seg og vert pressa unna i ein hydrodynamisk respons.

Avstanden mellom materialet som skal penetrerast og metallkonusen av kopar kallast standoff. Denne avstanden trengst for at jetstrålen skal rekkja å strekkja seg ut for å gje best mogleg inntrengningsevne. Den optimale avstanden er vanlegvis ein avstand som er 3-6 gonger diameteren til ladninga (kaliber).

Holladningsprinsippet vart utnytta til panservernsvåpen først under andre verdskrigen, i den tyske invasjonen av Belgia i 1940. Mot slutten av krigen brukte òg andre land prinsippet i nokre av sine panservåpen.

Motmiddelet mot holladningsgranater er reaktivt panser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]