Högskolan Dalarna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Högskolan Dalarna
Hdfalunfront-11-web.jpg
Campus i Falun
Grunnlagt1977
Typestatleg
RektorProf. Marita Hilliges
StadBorlänge og Falun
Studentar18 000 (2009)
Tilsette600
MedlemskapSUHF, UNISKA, Penta Plus, UniLink
Nettstadwww.du.se

Högskolan Dalarna er ein svensk statleg høgskole med universitetsområde i Falun og Borlänge. Høgskolen har drygt 18 000 studentar (2009) og 600 tilsette ved dei to områda.[1]

i 2007 studerte 5 123 studentar gjennom fjernundervising,[2] noko som i studieåret 2006/07 tilsvarte drygt 40 prosent av studentane.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Högskolan i Falun/Borlänge var grunnlagt gjennom den svenske Högskolereformen 1977. Etter ei namneendring i 1995 heiter han Högskolan Dalarna, gjennom at YTH-utdanningane i Borlänge og lærarutdanningane ved Lärarseminariet i Falun vart samanslått til ein høgskole. I 1982 flytta Borlänge-delen av høgskolen inn i lokala til Vägverket. I byrjinga av 1990 starta CITY (Centrum för industriell teknik och utveckling) og CTS (Centrum för transport- och samhällsforskning).

Høgskolen flytta i 1991 og 1992 inn i nye lokale i Borlänge og Falun. Desse vart komplettert med utbyggingar i 1994 og i 1997 fekk høgskolen endå ei ny utbygging i Falun.


Campus Framtidsdalen i Borlänge har koordinatar 60°29′13″N 15°24′38″E) og Campus Lugnet i Falun har koordinatar 60°36′48″N 15°39′12″E).

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Campus i Borlänge

Högskolan Dalarnas utdanningar er delt på tre akademi:

  • Akademin Humaniora och medier (Falun)
  • Akademin Hälsa och samhälle (Falun)
  • Akademin Industri och samhälle (Borlänge)

Dalacampus Näringsliv er ei eining ved Högskolan Dalarna som har ansvar for den så kalla tredje oppgåva, som handlar om samverket med det omgivande samfunnet.

Ein del av Högskolan si forsking og aktivitet er samla i mindre einingar, det inkluderer mellom anna:

  • Livi, Lugnets Idrottsvetenskapliga Institut
  • HUD, Hälso- och Sjukvårdens Utvecklingscentrum Dalarna
  • PUD, Pedagogiskt Utvecklingscentrum Dalarna
  • SUD, Socialtjänstens Utvecklingscentrum Dalarna
  • DUCIS, Dalarna University Centre of Irish Studies
  • DUCAS, Dalarna University Centre of African Studies

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

  • Hans-Lennart Lundh 1977-1980
  • Birger Christofferson 1980-1991
  • Claes Wahlbin 1993-1994
  • Anders Marelius 1995-1997
  • Leif Borgert 1997-2003
  • Agneta Stark 2004-2010
  • Marita Hilliges frå 2010

Utdanning og Examina[endre | endre wikiteksten]

Högskolan Dalarna tilbyr over 60 utdanningsprogram, av desse 16 på magisternivå, og 1 330 kurs.[4]

Forskingsområde og etableringsområde[endre | endre wikiteksten]

Högskolan Dalarna si forsking har av strategiske årsaker konsentrert seg om seks forskingsområde og to såkalla etableringsområde:[5]

  • Etableringsområde
    • Visuell kultur[11]
    • Verdsarv (Världsarvets Världar, WHILD)[12]

Kor[endre | endre wikiteksten]

Dalarnas studentkår er ei samanslåing av dei tidegare lokale studentkora i Falun og Borlänge. Korhuset til Falu studentkår, Studenternas hus Kåre, stod ferdig i 2006 og rommer sekretariat, disco og pub. Borlänge studentkår sitt nye korhus Tenoren stod ferdig hausten 2004 og rommer sekretariat, restaurant, disco og pub. Sidan hausten 2007 sit trenarane frå idrottshögskolan i lokala i Studenternas Hus Tenoren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]