Høegh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høegh (blir også stava Høgh og Høeg) er eit slektsnamn i Noreg.

Eit opphav til namnet er Jørgen Hansen Høgh/Høeg (1678–1737) handelsmann i Vegsund i Borgund og sorenskrivar for Sunnmøre.[1] Han var gift med Elisabet Wiig (dotter av lensmann Knut Nilsen Wiig i Ørsta)[2][3]. Mellom deira etterkommarar:

  • Hans Høgh (1713–1759), sokneprest i Herøy[4]
    • Jørgen Peter Høegh (1747–1792), sokneprest i Hammer
  • Iver Høeg (1715–1769), handelsmann i Vegsund, gift med Anna Bagge Holtermann (søster av Hans Holtermann)
    • Elisabet Høeg (1747–) gift med Christian F. Meldal, sokneprest i Borgund
    • Mein Cathrine Høeg (1748–1827), gift med presten Ludolf Krohn
  • Jørgen Høeg (1720–død før 1767), gift med si kusine Ragnhild Hougsholm (også kalla Wiig)
    • Jørgen Høeg (1754–1796), handelsmann i Ålesund, eigar av Ørstavik med Ørsta kyrkje og ei rade andre eigedomar, gift med Appolone Katarine Schønning (1760–1835) frå Grøtøy
      • Ar(e)nt Jørgen Schønning Høeg (1783–1862), handelsmann i Ulstein
      • Ole Meldal Høeg (1784–1865), handelsmann i Ulstein

Etter ekteskap mellom Mein Høeg og Ludolph Krohn har kombinasjonen «Høegh Krohn» vore vanleg,[5] til dømes:

Andre[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidsskrift for Sunnmør Historiske lag, 1911, 2dre aargang, trykt hos Sunnmørsposten i Ålesund.
  2. Bjørge, Magnar Kruse (1960): Familien Abelseth. Trykt i Ålesund.
  3. Dale, Bjørn Jonsson (1995): Ørstingar: ættebok for Ørsta. Utgitt av Ørsta kommune.
  4. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  5. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. Utgitt av Norddal kommune.