Høgd i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgd i astronomi vert nytta i samband med høgda til ei stjerne, som er vinkelavstanden målt frå horisonten, målt langs vertikalsirkelen gjennom stjerna. Høgda vert målt i grader og vert rekna positiv over horisonten, negativ under. Høgdesirkelen (vertikalsirkel) er ein kvar storsirkel gjennom senit og nadir. Høgdeparallellar (almukantaratar) er småsirklar, parallelle med horisonten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]