Høgde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skilt som opplyser om ei minstehøgde på 120 cm.
Samanlikning av høgda til ulike statuar.

Høgd eller høgde er den vertikale utstrekkinga til noko, til dømes avstanden frå nedst til øvst av noko som er ståande. Det kan også vera den vertikale avstanden til eit visst punkt, som bakken eller havoverflata.[1][2] Som med lengde og breidde er høgda målt i einingar for lengde.

I geodesi er høgde den metriske, vertikale avstanden eit punkt (vanlegvis i terrenget, som til dømes ein fjelltopp) har over ei referanseflate, som til dømes gjennomsnittleg havnivå. Ein meir presis definisjon av ei referanseflate er ein geoide, som er ekvipotensialflata til geopotensialet som i gjennomsnitt fell saman med gjennomsnittleg havnivå. Ei høgde som er målt i forhold til ein geoide kallar ein ortometrisk høgde.

Høgda til menneske er noko ein studerer innanfor antropometri. Som det har blitt påpeikt i ein artikkel i The New Yorker[3] er gjennomsnittshøgda til menneskepopulasjonar eit greitt mål på alle faktorane som påverkar ei velværet til ei gruppe. Mens variasjonar i høgde i ein populasjon er avhengig av genetikk, så er variasjonar i høgde mellom populasjonar fyrst og fremst avhengig av miljøet. FN brukar høgde som eit av fleire mål til å overvake ernæringsforhold i utviklingsland. I menneskepopulasjonar kan høgde uttrykke komplekse data om oppveksten, dei sosiale forholda, ernæringa og helseforholda til ei gruppe.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «høgde» i Nynorskordboka.
  2. «høyde». Store norske leksikon. Henta 5. juli 2021. 
  3. [1]