Høgdehopparen Steve Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Steve Smith (fødd 29. mars 1973) er ein tidlegare høgdehoppar frå Liverpool i Storbritannia. Han er britisk rekordhaldar med 2,38 meter innandørs og 2,37 m utandørs. Smith vann VM-bronse i 1993, EM-sølv i 1994 og OL-bronse i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Smith flytta gjennom 1991-sesongen sin personlege rekord med 4 centimeter til 2,29 m. Han fekk sitt gjennombrot i 1992, han høgda då sitt personbeste med heile 8 cm. Han kvalifiserte seg til OL-finalen i Barcelona, der han skuffa stort. Ein månad etter sommarleikane vann han høgdehopp-tevlinga ved junior-VM i Seoul med 2,37 meter, ei tangering av juniorverdsrekorden til Dragutin Topić frå 1990. 1993-sesongen var Smith på sitt jamnt høgste nivå. Han vart tredjemann både ved hall-VM i Toronto i Canada den 14. mars, og sidan i verdsmeisterskapen i tyske Stuttgart den 22. august, i begge tevlingane tok han seg over 2,37 m.

4. februar 1994 hoppa Smith 2,38 meter ved eit innandørs-stemne i Wuppertal i Tyskland, hans livs høgste hopp. Ved europameisterskapen 1994 i Helsinki kom han og polske Artur Partyka på delt andreplass, nordmannen Steinar Hoen vart europameister. Både under VM 1995 i Göteborg og under Sommar-OL 1996 i Atlanta noterte Smith seg for 2,35 m i resultatlista. I Göteborg gav det han ein delt fjerdeplass, i Atlanta vart han premiert med ein bronsemedalje.

Ein hælskade førte til at Smith la opp etter 1999-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]