Høge Tatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høge Tatra
Panorama av Høge Tatra, fjella frå venstre til høgre: Gerlachovský štít, Batizovský štít, Kačací štít, Končistá, Gánok, Vysoká og Rysy
Panorama av Høge Tatra, fjella frå venstre til høgre: Gerlachovský štít, Batizovský štít, Kačací štít, Končistá, Gánok, Vysoká og Rysy
Høgd over havet Gerlachovský štít (2655 moh)
Ligg i/på Flag of Slovakia.svg Slovakia
Flag of Poland.svg Polen
Fjellkjede Dei austlege Tatrafjella
Plasseringa til Høge Tatra i Slovakia og Polen.
Plasseringa til Høge Tatra i Slovakia og Polen.

Høge Tatra (slovakisk og tsjekkisk Vysoké Tatry, polsk Tatry Wysokie) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovakia og Polen. Dei er ein del av Dei austlege Tatrafjella.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Høge Tatra har 11 toppar utan 2500 meter over havet er i lag med Dei sørlege Karpatane dei einaste fjella med alpin karakter i heile Karpatane, som har ei lengd på 1200 km.

Den største delen og alle dei høgaste toppane ligg i Slovakia. Den høgaste toppen er Gerlachovský štít på 2655 moh. Mange sjeldne og endemiske dyr- og planteartar finst i Høge Tatra, i tillegg til store rovdyr som bjørn, gaupe, mår, ulv og rev.

Området er ein kjend vintersportstad. Av skistader finn ein Štrbské pleso, Starý Smokovec og Tatranská Lomnica i Slovakia og Zakopane i Polen. Byen Poprad er inngangen til dei slovakiske feriestadane.

Den første europeiske nasjonalparken som kryssa landegrenser vart grunnlagd her, Tatra nasjonapark eller Tatranský národný park i Slovakia i 1948 og Tatrzański Park Narodowy i Polen i 1954.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Høgaste toppar[endre | endre wikiteksten]

Dei alpine fjella i Høge Tatra trekkjer til seg mange fjellklatrar
Fjellhytter, slik som denne på veg opp til Lomnický štít er vanleg å sjå i Høge Tatra.

Dei femten høgaste toppane i Høge Tatra, alle i Slovakia, er:[1]

Fjelltoppar Høgd (m)
Gerlachovský štít 2655
Gerlachovská veža 2642
Lomnický štít 2633
Ľadový štít 2627
Pyšný štít 2623
Zadný Gerlach 2616
Lavínový štít 2606
Malý Ľadový štít 2602
Kotlový štít 2601
Lavínová veža 2600
Malý pyšný štít 2591
Veľká Litvorová veža 2581
Strapatá veža 2565
Kežmarský štít 2556
Vysoká 2547

Kjende toppar[endre | endre wikiteksten]

Fjellvatn[endre | endre wikiteksten]

Veľké Žabie pleso (Mengusovské), vatn i Žabiadalen
Panorama av Høge Tatra frå Poprad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Najvyššie pohoria Slovenska (Slovak). Matej Lednár (2003). Vitja 2. juni 2007.
  • The Tatras: High, Western, Bela's (1:50,000 hiking map) BBKart/Marco Polo 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: High Tatras

Images: