Høgehornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°15′7″N 6°15′12″E

Høgehornet
fjell
Hoegehornet.jpg
Høgehornet sett frå nordvest, med Kolåstinden og Sætretindane bakanfor til venstre. Ruta til toppen går opp ryggen i framgrunnen til høgre.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 040 moh.
Primærfaktor 145 m

Høgehornet (1040 moh.) er eit fjell i ØrstaSunnmøre.[1] Fjellet ligg mellom Romedalen og Langedalen, og rett nord for Sveddalstinden. Det er lett klyving til topps opp nordvestryggen, som kan nåast frå begge dalane. Dette er ein av dei lågare fjelltoppane i Romedalen, men han ruvar bratt og spiss opp frå dalbotnen, derav namnet. I Langedalen heiter toppen Kvasshornet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Høgehornet, Ørsta (Møre og Romsdal)». Yr/Kartverket. Henta 14. mai 2017. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.