Høgfjellsklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høgfjellsklima eller høglandsklima er klima i høgtliggande område. Omgrepet har ikkje ein offisiell definisjon og inngår heller ikkje i Köppen si klimaklassifisering. Høgda gjer at ein får lågare lufttrykk med mindre oksygen i lufta per volumeining. Temperaturen er lågare, noko ein merkar best i den varme årstida. Solinnstrålinga er derimot sterkare på grunn av den tynnare lufta. Lufta er reinare og den absolutte fukta er lågare, medan varmeutstrålinga om natta er sterkare. Skilnaden mellom dag- og nattetemperatur er forholdsvis stor.

Høgfjellsklimaet vert rekna å ha stimulerande verknad på dei fleste menneske, men kan vere uheldig for menneske med svakt hjarte sidan ein får auka belastning på blodomlaup og anding.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«høyfjellsklima» i Store norske leksikon, snl.no.