Høghæla sko

Høghæla sko er ein type sko som løftar hælen markant meir enn tærne.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Høge hælar blei innført for at føtene til ryttarar skulle bli verande i stigbøylen. Ved å gå med ridestøvlar framstod menn som høgare, og dette danna etterkvart mote.
Den eldste høge støvelhælen er frå omkring 1540 og frå England.[1] Bruken av høge hælar kan belasta ledda i framfoten, sidan mykje av vekta frå kroppen kan kvila på dei. Tærne går nokre gangar inn i ei smal, spiss tå i skoen, noko som kan forverra belastninga.
Sko med halvhøge hælar[endre | endre wikiteksten]
Med ein halvhøg hæl (pumps) kviler ein del av kroppsvekta på fothola.
Stilettsko[endre | endre wikiteksten]
Stilettsko (eller stilettar) er høghæla sko med smale stiletthælar. Dette er høge tynne hælar, som det krev øving for å gå med. I stilettar kviler kroppsvekta ikkje berre på fotsolen, men òg på sidene og i noko grad på oversida av foten.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ side 42. Shoes ISBN 978-0-500-51212-8
- Denne artikkelen bygger på «Højhælede sko» frå Wikipedia på dansk, den 21. april 2023.
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Sko; Stil, sex og sunne føter ISBN 978-87-12-04428-4
- Shoes ISBN 978-0-500-51212-8