Høgmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høgmesse er ei nemning for den messa som vert forretta høglydt frå høgalteret i kyrkja, i motsetnad til andre stille messer som vert forretta frå sidealtera.

I Den norske kyrkja er høgmesse eit omgrep for alminnelege gudstenester som vert feira i kyrkjene. Mange vil likevel hevde at nemninga kan brukast berre om gudstenester med nattverd. Høgmesseledda byggjer på den klassiske messa og har følgjande forordna ledd:

  1. Inngangsord (jf. Introitus) med inngangssalme
  2. Syndsvedkjenning
  3. Bønerop (Kyrie)
  4. Lovsong (Gloria)
  5. Kollektbøn
  6. Tekstlesing, oftast frå Det gamle testamentet
  7. Høgmessesalme
  8. Andre tekstlesing, oftast frå Det nye testamentet
  9. Truvedkjenning (jf. Credo)
  10. Salme før preika
  11. Preike
  12. Kunngjeringar
  13. Forbøn, i fastetida Litaniet
  14. Takkeoffer, jf Offertorium
  15. Salme før nattverd
  16. Lovprising med Sanctus, Agnus Dei og Fader vår
  17. Nattverdmåltidet
  18. Takkebøn for nattverda
  19. Sluttsalme
  20. Velsigning
  21. Utgang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]