Høgrehandsregelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgrehandsregelen for eit rettvinkla koordinatsystem eller eit vektorprodukt.
Høgrehandsregelen for å finne omløpsretning

Høgrehandsregelen er forskjellige hugsereglar for pilretningane for fysiske og geometriske vektorstorleikar ved hjelp av fingranehøgrehanda.

Eit rettvinkla koordinatsystem i rommet er sagt å vere høgreorientert eller å vere eit høgre(-hands-)system dersom dei bøygde fingrane på høgrehanda peikar i same retning som ein 90° rotasjon frå positiv x-retning til positiv y-retning, og tommelen peikar i positiv z-retning.

Ved utrekning av eit vektorprodukt

 \vec{a} \times \vec{b} = \vec{c}

er retninga til  \vec{c} gjeven ved at \vec{c} står vinkelrett på både  \vec{a} og  \vec{b}, og slik at om dei bøygde fingrane på høgrehanda peikar i same retning som ein rotasjon frå  \vec{a} til  \vec{b}, så peikar tommelen i høgrehandsregelen i  \vec{c}-retning.

Positiv omløpsretning om eit område i xy-planet er den retninga fingrande på høgrehanda peikar i når dei krummar om området og tommelen peikar i positiv z-retning (oppover).

Elektrisitetslæra[endre | endre wikiteksten]

I elektrisitetslæra nyttar ein høgrehandsregelen til å finne retninga til den magnetiske kraftverknaden frå ein elektrisk straum. Legg ein høgrehanda med handflata langs ein straumførande leiar, slik at fingertuppane peikar i straumretninga, og slik at leidningen vert liggande mellom handflata og ei magnetnål, vil nordpolen til nåla slå ut til den sida tommelfingeren peikar.

Ei anna formulering seier at ein skal gripe om ein straumførande leidning med høgrehanda slik at tommelfingeren peikar i straumretninga. Det magnetiske feltet går då rundt leidning i den retninga dei andre fingrane krummar seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]