Høgskolen Stord/Haugesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) var ein regional norsk høgskole med om lag 2200 studentar og 250 tilsette.

HSH, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane gjekk i 2016 inn for å slå seg saman.[1] Den samanslåtte Høgskolen på Vestlandet vart oppretta 1. januar 2017.[2]

Høgskolen hadde studiestader på Stord og i Haugesund. På Stord var det utdanningsprogram for lærar- og sjukepleiarutdanning. Avdelinga i Haugesund hadde ingeniør- og maritime fag, økonomisk-administrative fag og sjukepleiarutdanning. Skulen var den første i Noreg der ein kunne ta bachelorgrad som HMT-ingeniør. Skulen hadde tre masterprogram, IKT i læring, Meistring og myndiggjering (saman med Høgskulen i Volda) og Teknisk sikkerhet (saman med Universitetet i Bergen).

HSH vart etablert 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule vart slegne saman.

Tidlegare elevar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]