Høgskolen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Campus Kronstad med Inndalsveien attom og bustadblokker framfor.

Høgskolen i Bergen (HiB) blei etablert 1. august 1994 og har i dag kring 6000 studentar og 600 tilsette. Høgskulen er ein statleg høgskule, og eit resultat av at seks statlege høgskular i Bergen blei slått saman til ein i samsvar med Høgskolereforma i 1994.

1. januar 2005 blei Statens dykkerskole overført til Høgskolen i Bergen.

Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudium innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Desse kan takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudium, samt ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Undervisningsstader[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste fagmiljøa ved Høgskolen i Bergen held til på Campus Kronstad i Inndalsveien 28 i Bergen eller på Campus Møllendalsveien i Møllendalsveien 6–8 attmed Store Lungegårdsvannet i Bergen. Hovudcampusen ligg på Kronstad, og er studiestad for om lag 6 000 studentar og arbeidsplass for nærare 600 tilsette, medan bygningen i Møllendalsveien er studiestad for om lag 1 000 studentar og arbeidsplass for nærare 200 tilsette. Høgskulebygningen på Kronstad, som blei teke i bruk hausten 2014, ligg på den gamle verkstadtomta til Noregs statsbanar, og fem av dei gamle bygningane blei integrert i høgskulebygningen. Bygningskomplekset er heilt moderne, praktisk og miljøvennleg, med ein særeigen arkitektur.

Høgskulen har òg undervisningslokale utanfor Campus Kronstad og Campus Møllendalsveien. Det eittårige forkurset for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning går føre seg på Bergen tekniske fagskole i Strandgaten 196 på Nordnes i Bergen. Dykkerutdanninga har tilhald i Skålevikveien 60 på Skålevikneset i Loddefjord i Bergen, 15 kilometer frå sentrum. Ingeniørutdanninga i undervassteknologi har sine undervisningslokale i Straume Næringspark, Smålonane 2, i Fjell kommune, 14 kilometer frå Bergen sentrum, i Flora idrettssenter, Professor Gjelsvikveg 20 i Florø, og på Høgskolesenteret i Industriveien 18 i Kristiansund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]