Høgskolen i Buskerud og Vestfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgskolen i Buskerud og Vestfold

Grunnlagt1. januar 2014
TypeStatleg høgskole
RektorPetter Aasen
StadDrammen, Kongsberg, Hønefoss og Horten
Studentar8 074 (2013)
Tilsette766 (2013)
Nettstadhttps://hbv.no (norsk)
ErstattarHøgskolen i Buskerud, Høgskolen i Vestfold
Erstatta avHøgskolen i Søraust-Noreg

Høgskolen i Buskerud og Vestfold er ein statleg høgskule som fanst frå 1. januar 2014[1] til 31. desember 2015, då han gjekk saman med Høgskolen i Telemark for å danna Høgskolen i Sørøst-Norge.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Høgskolen vart skipa 1. januar 2014 ved at Høgskolen i Buskerud og Høgskolen i Vestfold vart slegne saman til ein høgskule. Høgskulen er regionalt forankra, og har campusar (studiestadar) i Drammen, Vestfold, Kongsberg og Ringerike. Søknaden om å slå saman høgskulane i fylka Buskerud og Vestfold vart levert til Kunnskapsdepartementet 20. september 2012, etter at styra ved båe høgskulane hadde vorte samde 27. august 2012 om å tilrå samanslåing. Ein viktig premiss for samanslåinga var at alle fire campusane skulle halde fram, og at auken i talet på studieplassar i framtida skulle gå føre seg på alle dei fire campusane. Rektoren og styreleiaren ved Høgskolen i Vestfold, Petter Aasen, vart vald til rektor for den nye høgskulen.[3]

Høgskulen hadde som ambisjon å utvikle seg til eit universitet som er profesjons- og arbeidslivsretta. Som ein lekk i prosessen fram mot å verte eit universitet, gjorde styret i Høgskolen i Buskerud og Vestfold og styret i Høgskolen i Telemark vedtak 4. juni 2015 om å rå regjeringa til å slå saman desse to skulane under namnet Høgskolen i Sørøst-Norge. Ved kongeleg resolusjon 19. juni 2015 vart dette vedteke, med verknad frå 1. januar 2016.

Høgskolen i Buskerud og Vestfold hadde fire fakultet:

  • Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
  • Fakultet for helsevitenskap
  • Fakultet for teknologi og maritime fag
  • Handelshøyskolen og fakultet for samfunnsvitenskap

Høgskolen i Buskerud og Vestfold skal tilby profilerte, forskingsbaserte studieprogram innanfor fagområda:

  • helsevitskap og optometri
  • teknologi og maritime fag
  • lærarutdanningar på alle nivå
  • humaniora og samfunnsvitskap
  • økonomi- og administrasjonsfag.

Rektoratet for høgskulen hadde hovudsete og kontor på Campus Drammen og Campus Vestfold, styresekretariatet og administrerande direktør har tilhald på Campus Drammen, medan postadressa og postmottaket ligg til Campus Kongsberg. Målt etter talet på studentar, som var om lag 9 500, var høgskulen den nest største av dei då 19 høgskolane i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt fra statsråd 26. oktober 2012
  2. «Om Høgskolen i Sørøst-Norge – HSN», usn.no, henta 27. februar 2017 
  3. «Aasen valgt til rektor», hibuhive.no, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 27. februar 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]